Utløpt

Fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i Seksjon for ernæring og mattryggleik i Folkehelseavdelinga

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Rådgiver/seniorrådgiver
Frist
26.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
Ønskjer du å arbeide hos oss i Folkehelseavdelinga?

Folkehelseavdelinga har ansvaret for utvikling og oppfølging av folkehelsepolitikken og koordinering av det tverrdepartementale folkehelsearbeidet. Avdelinga har ansvar for ei rad lovområde, eksempelvis folkehelselova, matlova, kosmetikklova, alkohollovgjevinga, tobakkslovgjevinga, og lovgjevinga for miljø og helse og for strålevern. Videre har avdelinga etatsstyringsansvar for ei rekke sentrale etater som Folkehelseinstituttet, Direktoratet for strålevern og atomsikkerhet og Mattilsynet. Internasjonalt samarbeid, herunder arbeid knytt til EU/EØS og Nordisk ministerråd, er ein viktig del av oppgåvene i avdelinga

Folkehelseavdelinga har tre seksjonar: seksjon for alkohol- narkotika- og tobakkspolitikk, folkehelseseksjonen og seksjon for ernæring og mattryggleik. Denne stillinga er i seksjon for ernæring og mattryggleik. 


Om stillinga

Vi har no ledig ei 100 % fast stilling som rådgjevar/seniorrådgjevar i seksjon for ernæring og mattryggleik.

Seksjonen har ansvar for førebyggingspolitikken på områda kosthald og ernæring, mattryggleik, drikkevatn og kosmetikk. Seksjonen har ansvar for matlovgjevinga og kosmetikklovgjevinga og er medansvarlig for styring av Mattilsynet saman med Landbruks- og matdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. I tillegg har seksjonen det administrative ansvaret for Vitskapskomiteen for mat og miljø (VKM). Seksjonen har ansvar for det internasjonale arbeidet på fagfeltet, herunder eit omfattende arbeid knytt til EU/EØS. Oppgåver knytt til dei andre seksjonene i avdelinga må kunne påreknast.


Arbeidsoppgåver

Den nye kollegaen vår skal:

  • arbeide med sakshandsaming og utgreiingsoppgåver på seksjonen sine område, først og fremst innan mattryggleik og drikkevatn
  • ha vanlege forvaltingsoppgåver, som å svare på førespurnader frå enkeltpersonar og førebu saker til politisk leiing på fagområda
  • bidra i arbeidet med etatstyring
  • bidra til fagleg utvikling og delta i regelverksarbeidet på fagområda
  • ha oppgåver knytte til nordisk, europeisk og anna internasjonalt arbeid
  • bidra ved andre aktuelle oppgåver

Kvalifikasjonar og eigenskapar

Du må ha:

  • høgare relevant utdanning på masternivå, for eksempel veterinær, toksikolog, mastergrad i matvitskap eller anna naturvitskapelig utdanning
  • relevant arbeidserfaring og god kjennskap til fagområda i seksjonen. For stilling som rådgjevar krev vi normalt minst 3 år relevant erfaring, og for seniorrådgjevar normalt minst 6 år relevant erfaring.
  • god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • god/svært god sakshandsamings- og utgreiingskompetanse og -erfaring

Vi vil vektleggje:

  • erfaring frå arbeid med EØS-basert regelverk
  • kjennskap til anna internasjonalt arbeid
  • kjennskap til offentleg forvalting

Vi ser etter deg som:

  • tek initiativ,
  • har god gjennomføringsevne,
  • har gode samarbeidsevner,
  • er ein strukturert person med stor arbeidskapasitet,
  • jobbar sjølvstendig og under høgt tidspress med korte fristar og fleire saker samstundes,
  • har god rolleforståing,
  • er løysingsorientert,
  • har god samfunnsforståing og er interessert i politiske prosessar og statlege styringsverkemiddel,
  • ønskjer å vere med på å utvikle folkehelsearbeidet nasjonalt og internasjonalt.

Vi legg særleg vekt på personlege eigenskapar som gjer nettopp deg skikka til stillinga.


Vi tilbyr
  • fast stilling
  • stillingsbrøk: 100 %
  • sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
  • eit spennande arbeidsområde med godt høve til fagleg utvikling
  • eit godt arbeidsmiljø med kompetente, engasjerte og trivelege kollegaer
  • 5 veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar
  • god pensjons- og låneordning gjennom Statens Pensjonskasse
  • trening i arbeidstida

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Kr 550 000 - 750 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn.

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.


Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Vil du vite meir? 

Synest du dette høyrest interessant ut og ønskjer nærare informasjon, kan du ta kontakt med avdelingsdirektør Bodil Blaker på telefon 412 74 118.


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  


Om arbeidsgiveren

Hovudoppgåvene til folkehelseavdelinga er knytte til helsefremmande og førebyggjande arbeid (folkehelsearbeid, mellom anna tiltak for å redusere sosiale helseforskjellar), helseovervaking, ernæring og mattryggleik, lækjemiddelspørsmål og alkohol- og narkotikaspørsmål.

Folkehelseavdelinga er delt inn i tre seksjonar: folkehelseseksjonen, seksjon for ernæring og mattryggleik og seksjon for alkohol-, narkotika- og tobakkspolitikk.

Sektor
Offentlig
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Saksbehandler,
Veterinær og dyrepleier

Annonseinformasjon

FINN-kode 243751464
Sist endret 5. jan. 2022 15:37

Rapporter annonse