Utløpt

Vil du bli vår nye kunderådgjevar?

Arbeidsgiver
Luster Sparebank
Stillingstittel
Kunderådgjevar personmarknad
Frist
19.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Luster Sparebank

Me ser etter nokon som likar å jobbe med kundar, og som blir motivert av å skape gode kundeopplevingar. Å utvikle banken sine relasjonar til både eksisterande og nye kundar vil vere ein viktig del av jobben.


Arbeidsoppgåver

  • Breidderådgjeving innan kreditt, forsikring og sparing
  • Ansvar for eigen kundeportefølje

 

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning
  • God økonomisk forståing
  • Erfaring frå kunderetta rådgjeving/sal
  • Gjerne autorisert innan kreditt/forsikring/AFR

 

Personlege eigenskapar

Me ser etter ein person som er god på å finne dei rette løysingane for kunden i forskjellige fasar av livet.

Du må ha ei positiv innstilling som verdset godt arbeidsmiljø med lagspel og arbeidsglede.

 

Me kan tilby

Ei fast stilling med spanande og varierte oppgåver som vert løyst i lag med trivelege arbeidskollegaer.

Gode velferdsordningar, fleksitid og løn etter avtale.

Moglegheit for fagleg og personleg utvikling.


Bli med på utviklinga i Luster Sparebank, der gode løysingar og service til kundane står i fokus.

Om arbeidsgiveren

Luster Sparebank er ein solid og sjølvstendig sparebank med målsetjing om ekspansjon og vekst.
Banken har hovudkontor i Gaupne og filial på Hafslo i Luster Kommune. Me har 24 tilsette og konkurransedyktige tilbod av finansielle tenester, produkt og moderne digitale løysingar. Vår visjon er "Saman når me måla dine" og personleg kontakt, tillit, rådgjeving, raske avgjerder og god service er viktige element for oss. Dette ynskjer me å utvikle vidare i tråd med verdiane våre, som er "Personleg, Ansvarleg og Kompetent".

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Øyagata 2, 6868 Gaupne
Bransje
Bank, finans og forsikring
Stillingsfunksjon
Kundeservice,
Rådgivning,
Saksbehandler

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Fuhr Sandvik
Stillingstittel
Leiar personmarknad
Telefon
57 68 23 27
Mobil
46 97 07 27
Følg firma
1 følger dette firmaet

Øyagata 2, 6868 Gaupne

Annonseinformasjon

FINN-kode 243733594
Sist endret 16. feb. 2022 14:08

Rapporter annonse