Utløpt

Dyrsku'n søkjer vaktmeister

Arbeidsgiver
Dyrsku'n Arrangement AS
Stillingstittel
Vaktmester
Frist
30.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Dyrsku'n Arrangement AS

Vaktmeisteren er svært sentral for drifta av Dyrskuplassen på 170 dekar og 40 bygningar. Stillinga er sjølvstendig og breidda i oppgåvene er stor.

I samarbeid med driftsleiar skal du sørge for vedlikehald og utvikling av Dyrskuplassen, samt førebuing og gjennomføring av arrangementa. Det er ei særs utadretta verksemd og stillinga inneber mykje kontakt med grunneigarar, utstillarar, publikum og leigetakarar.

Vi ser etter deg som er entusiastisk, strukturert, grundig og nevenyttig. Du må vere fleksibel, då det er stor variasjon i arbeidsmengde og oppgåver gjennom året. Den rette er ein lagspelar og har god driftsmessig forståing. Interesse for korleis ein kan ta i bruk ny teknologi for proaktiv og systematisk oppfølging er også viktig.

Erfaring som vaktmeister eller fagbrev er ein fordel, men anna relevant bakgrunn kan kompensere for dette.

Vi tilbyr konkurransedyktige vilkår, hyggelege kollegaer og spennande utfordringar.

Om arbeidsgiveren

DYRSKU’N har 14 faste tilsette og ein omsetnad på om lag 40 mill kr. Selskapet er i spanande utvikling. Selskapet er lokalisert på Dyrskuplassen i Seljord og driv bl.a. Vårmarknaden, Dyrsku’n, Countryfestivalen og Seljordfestivalen. I tillegg vert plassen leigd ut til ulike arrangement i løpet av året. Selskapet vert drifta etter ein modell der alt overskot blir ført tilbake til drift av plassen med bl.a. vedlikehald av bygningar og vidareutvikling av infrastruktur til beste for dei kring 200 000 som i løpet av året besøker plassen.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord
Bransje
Drift og vedlikeholdstjenester,
Event og arrangementer,
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Driftsoperatør/vaktmester

Nøkkelord

vaktmester, vaktmeister

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Morten Olav Dyrud
Stillingstittel
Driftsleiar
Mobil
95 10 63 33
Kontaktperson
Marit Mæland
Stillingstittel
Prosjektleiar
Mobil
91 75 13 90
Følg firma
8 følger dette firmaet

Nordbygdivegen 60, 3840 Seljord

Annonseinformasjon

FINN-kode 243695201
Sist endret 16. feb. 2022 14:20

Rapporter annonse