Utløpt

Innkjøpsrådgjevar, 100% fast stilling.

Arbeidsgiver
Voss herad
Stillingstittel
Innkjøpsrådgjevar
Frist
01.02.2022
Ansettelsesform
Fast

Om arbedsstaden:

Avdelinga styring og analyse ligg under rådmannen sin stab og er del av stabsavdelinga Strategi og Styring. Avdelinga har m.a. ansvar for oppgåver innan plan, klima og miljøvern, strategi, innkjøp, økonomi og styring, og skal bidra til ei overordna samfunns-og tenesteutvikling. I avdelinga er det 10 tilsette og to av desse er innkjøpsrådgjevarar. Me har ledig 100% fast stilling som innkjøpsrådgjevar.

Me tilbyr:

Ein trygg og god arbeidsstad med spennande oppgåver

Mektig natur,ski-og fritidsterreng med aktivitetar frå fjord til fjell

Ei levande kulturbygd med gode oppvekst-og utdanningsvilkår

Høve til å påverka eigen arbeidskvardag

Ein inkluderande arbeidsplass der me legg til rette for fagleg og personleg utvikling

Eit godt fleirfagleg og sosialt miljø

Gode forsikrings-og pensjonsordningar

Løn etter kommunalt avtaleverk

Arbeidsoppgåver:

Gjennomføring av offentlege anbod-og innkjøpsprosessar på vegne av og i samarbeid med kommunalavdelingane

Sikra at innkjøp av varer og tenester skjer til rett tid,med rett kvalitet og til rett pris

Sikra at innkjøpa støttar opp om berekraftsmåla

Systematisk arbeid med klimakrav i innkjøp

Oppfølging av avtalar og leverandørar

Oppfølging av innkjøpssamarbeid med andre kommunar/fylkeskommunen

Innføring av eHandelsløysing

Innkjøpsfagleg rådgjeving og opplæring til avdelingane i alle tenesteområde

Utarbeiding og vidareutvikling av rutinar og prosessar innan innkjøp

Me søkjer:

Høgare utdanning innan juss eller økonomi

Erfaring frå offentleg innkjøp kan erstatta kravet til høgare utdanning

Det er ynskjeleg med kompetanse innan elektronisk handel

Kjennskap til offentleg forvaltning og offentlege innkjøp i større organisasjonar er ein fordel

Gode kommunikasjonsevner i norsk, skriftleg og munnleg

Gode samarbeidsevner og evne til å jobba tverrfagleg

Evne til å jobba detaljert,men samstundes ha oversikt og tenkja langsiktig og strategisk

Søknad:

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald,og at våre tilsette skal gje eit bileta av folkesetnaden generelt.Me oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder funksjonsevne, kjønn eller kulturell bakgrunn.


Sektor
Offentlig
Sted
5700 Voss
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Innkjøp/forhandling

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Liv Myklebust
Stillingstittel
Stabssjef Strategi og styring
Følg firma
3 følger dette firmaet

5700 Voss

Annonseinformasjon

FINN-kode 242899306
Sist endret 8. feb. 2022 12:40

Rapporter annonse