Utløpt

Vil du bidra til å vidareutvikle Noregs viktigaste næring?

Arbeidsgiver
Olje- og energidepartementet
Stillingstittel
Seniorrådgjevar
Frist
09.01.2022
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med ENERGIDEPARTEMENTET
Ansvarsområde og arbeidsoppgåver

I Avdeling for klima, industri og teknologi, Seksjon for forsking og teknologi er det eit ledig toårig vikariat som seniorrådgjevar. Seksjonen er ansvarleg for forskingspolitiske spørsmål om energi- og petroleum, mellom anna forvaltning av departementet sine midlar til forsking og utvikling samt internasjonalt forskingssamarbeid. Seksjonen arbeider med forsking og utvikling innanfor mellom anna, fornybar energi, hydrogen, energisystem, energibruk, fangst- og lagring av CO2 og olje og gass. Seksjonen har mykje kontakt med andre departement, verkemiddelaktørar, forskingsorganisasjonar og selskap som har forskingsaktivitet innanfor energi- og/eller petroleum. Stillinga inneber arbeid med alle seksjonen sine ansvarsområde, men vil ha et hovudansvar for å følge opp petroleumsforsking.

Du må rekna med noko reising.

Du vil mellom anna jobbe med:

  • Følgje opp Noregs forskningsråds verksemd innanfor petroleumsforsking
  • Halde oversikt over forsking og utvikling i olje- og gass næringen, med særskilt vekt på næringen sitt arbeid med å redusere utslepp av klimagassar.
  • Planlegge og gjennomføre reiser og besøk for politisk leiing
  • Delta i arbeidet med stortingsmeldingar, strategiar og andre initiativ.
  • Bidra med faglege innspel til andre departement sitt arbeid.

Kvalifikasjonar

Nødvendige kvalifikasjonar/eigenskapar

  • Høgare utdanning på masternivå.
  • God evne til skriftleg og munnleg framstilling på norsk og engelsk.
  • Gode evner til samarbeid.

 

Ønskjelege kvalifikasjonar

  • Røynsle frå offentleg forvaltning.
  • Røynsle frå forsking og utvikling i petroleums- og energisektoren.
  • Økonomisk eller teknologisk bakgrunn.

Vi tilbyr
  • Lønnsspenn: kr. 543 500 - 750 000.
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i skjeringsfeltet mellom fag, næringsliv og politikk.
  • Moglegheit til påverknad.
  • Eit godt arbeidsmiljø.

I tillegg får du alle goda ved å være tilsett i staten. Det vil mellom anna seie fleksitid, lønna overtid, sommartid og medlemskap i Statens pensjonskasse, noko som inneber tenestepensjonsordning og yrkesskade- og gruppelivsforsikring. Du får også moglegheit til å trene i arbeidstida.  


Kontaktinformasjon

Nærare opplysningar om stillinga kan ein få ved å ta kontakt med avdelingsdirektør William Christensen på tlf. 976 97 655 eller underdirektør Torgeir Knutsen på tlf. 934 47 105.


 Generell informasjon

Positiv særbehandling

Dersom det er kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å kunne bli positivt særbehandla på denne måten, må søkar oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen. Vi oppfordrar søkarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV, eller innvandrarbakgrunn. Dette dannar grunnlag for anonymisert statistikk for alle statlege verksemder i sine årsrapportar.

Erklæring om mangfald

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Det kan for eksempel vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid.


Om arbeidsgiveren

Olje- og energidepartementet si hovudoppgåve er å tilrettelegge ein samordna og heilskapleg energipolitikk. Eit overordna mål er å sikre høg verdiskaping gjennom effektiv og miljøvenleg forvalting av energiressursane

Avdeling for klima, industri og teknologi (KIT) skal medverke til berekraftig verdiskaping og konkurranseevne gjennom gode rammevilkår for å styrke innovasjon og kompetanse i energinæringen og for å fremje eksport. KIT vil fremme samarbeid mellom aktørane i sektoren.

Sektor
Offentlig
Sted
Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Samfunnsviter,
Økonomi og regnskap
Følg firma
388 følger dette firmaet

Postboks 8148, Dep, 0033 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 242560092
Sist endret 22. des. 2021 17:33

Rapporter annonse