Utløpt

Planleggar utbyggingsprosjekt

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Planleggar utbyggingsprosjekt
Frist
17.01.2022
Ansettelsesform
Fast

Vi søker etter ein dyktig medarbeidar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seglas, og ferdsel i farvatnet.

Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppsamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.

Det er no ledig ei stilling som rådgivar innan utgreiing og planlegging i tidleg fase for utbyggingsprosjekt i Kystverket si utbyggingsavdeling. Stillingstittel er rådgivar/seniorrådgivar. Avdelinga har til saman 30 tilsette hovudsakleg i Kabelvåg.  Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande. Oppgåvene vil vere knytt til både utgreiing og planlegging av Kystverket si utbyggingsportefølje. 

Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge og dokumentere behov og samfunnsnytte i potensielle prosjekter
  • Gjennomføre utgreiing av prosjekt i tråd med utgreiingsinstruksen og interne prosedyrer
  • Bestille og følge opp analyser og undersøkingar
  • Utarbeide og følge opp rådgivarkontraktar
  • Ta del i interne prosjektgrupper og team
  • Sikre samhandling og dialog internt og eksternt med sjøtransporten, det offentlege og næringslivet
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga

Kvalifikasjonar

  • Utdanning minimum på bachelornivå innan områda samfunn-, samferdsle- eller planfag
  • 3 års relevant erfaring/kunnskap frå prosjektutgreiing eller utgreiing frå samferdsle, primært knytt til infrastrukturtiltak
  • God evne til å legge fram saker både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk
  • Det er ønskeleg med erfaring innan oppfølging av eksterne rådgivarar
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig med evne til å ta initiativ
  • Gode evner til kontaktskaping
  • Analytisk og strukturert
  • Evne til å samarbeide på tvers av ulike fagområder og administrative grenser
  • Høg arbeidskapasitet og stor gjennomføringsevne. 
  • Framtidsretta, engasjert og påliteleg - som er Kystverkets verdiar

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kystverket er ei IA-bedrift
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse
  • Stillinga er plassert i stillingskode 1434/1364 som rådgivar/seniorrådgivar med startlønn frå kr 543 500 (ltr 60), til kr 734 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.

Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Noko reising må påreknast

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.


 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Finnesveien 14, 8310 Kabelvåg
Bransje
Offentlig administrasjon,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Ingeniør,
Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk,
Geologi/Fysikk/Kjemi

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Bøhlerengen Moe
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
995 79 002
Følg firma
795 følger dette firmaet

Finnesveien 14, 8310 Kabelvåg

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 242535052
Sist endret 10. jan. 2022 12:40

Rapporter annonse