Utløpt

Miljørådgivar

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Miljørådgivar
Frist
17.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket

Vi søker etter ein dyktig medarbeidar som kan vere med på å styrke vårt arbeid med å sikre behovet til sjøtransporten for effektiv og sikker seglas, og ferdsel i farvatnet.
Kystverket utviklar transportsystem til sjøs som er sikre, fremmar verdiskaping og bidreg til omstilling til lågutsleppssamfunnet. Det er sett ambisiøse mål innan framkome, transportsikkerheit og innan klima/miljø. Konkurranseevna til sjøtransporten, utnytting av ny teknologi, samt organisasjonsutvikling, er viktige utfordringar for å kunne møte morgondagens krav. Kystverket har brei samhandlingsflate mot andre samfunnsaktørar, og har internasjonalt samarbeid både med nasjonar og organisasjonar for å standardisere, effektivisere og trygge sjøfarten.

Kystverkets visjon er å utvikle kysten og havområda til verdas sikraste og reinaste.
Avdelinga for utbygging har til saman 30 tilsette hovudsakleg i Kabelvåg.  Arbeidsfeltet er allsidig og variert, og ikkje minst engasjerande. Som ein av tre miljørådgivarar ved denne avdelinga får du ansvar for å gi støtte med miljøfagleg rådgiving i alle fasar av utbyggingsprosjekt i marint miljø, herunder ivareta ytre miljø, koordinering av eksterne ressursar, gjennomføring av søknadsprosessar  o.a.


Arbeidsoppgåver

  • Rådgiving i alle fasar av utbyggingsprosjekter i marint miljø, ivareta ytre miljø, koordinering av eksterne ressursar, gjennomføring av søknadsprosessar o.a. 
  • Planlegging og gjennomføring av FoU-prosjekter knytt til miljø, miljøkrav, vasskvalitet og forureining
  • Arbeid med klimatilpassing og reduksjon av klimagassutslepp frå Kystverkets anleggsprosjekter 
  • Ansvar for ivaretaking av marint miljø i store og utfordrande prosjekt, utstrakt kontakt med myndigheiter og tett oppfølging av entreprenør 
  • Deltaking i faglege nettverk, fora og arbeidsgrupper på vegne av Kystverket
  • Andre oppgåver kan kome til 

Kvalifikasjonar

  • Minimum 5 års utdanning innan miljøfagleg retning
  • Minimum 3 års relevant erfaring frå offentleg verksemd, rådgivingskontor eller entreprenørverksemd
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med klimagassbudsjett og -regnskap frå anleggssektoren
  • Stillinga krev gode munnlege og skriftlege ferdigheiter i norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Ansvarsbevisst, sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner med evne til å jobbe tverrfagleg
  • Ønske om fagleg utvikling og bygging av relasjonar og faglege nettverk
  • Som tilsett skal du kunne identifisere deg med våre verdiar, som er framtidsretta, engasjert og påliteleg.

Vi tilbyr

  • Utfordrande, interessante og varierte arbeidsoppgåver
  • Eit kollegialt og utviklande fagmiljø
  • Gode velferdsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Kystverket er ei IA-bedrift
  • Arbeidsstad i naturskjønne Lofoten
  • Gode moglegheiter for etter- og vidareutdanning
  • Pensjonsordning i Statens pensjonskasse

Stillinga vert plassert i st.kode 1434/1364 som rådgivar/seniorrådgivar, lønn frå kr 563 900 (ltr 62), til kr 734 400 (ltr 76), avhengig av kvalifikasjonar og erfaring.  

Arbeidsstad for tida Kabelvåg

Noko reising må påreknast

Anna

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Derfor ønsker vi medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. 

Får vi kvalifiserte søkarar med funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil vi innkalle minst ein søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkar innanfor desse gruppene, må søkarane oppfylle visse krav. 

Les meir om krava på Arbeidsgivarportalen: https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling

Søkarar som oppfyller krava og ønsker å bli vurdert på spesielt grunnlag, må krysse av for dette i jobbportalen Webcruiter. Avkrysningane i jobbsøkarportalen vil også danne grunnlag for ein anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterar om i sine årsrapportar.

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkarar vil i så fall bli varsla om det.


 

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.


 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Finnesveien 14, 8310 Kabelvåg
Bransje
Offentlig administrasjon,
Miljøtjenester
Stillingsfunksjon
Rådgivning,
Saksbehandler,
Analyse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jostein Bøhlerengen Moe
Stillingstittel
avdelingsleiar
Telefon
76 06 96 49
Følg firma
1223 følger dette firmaet

Finnesveien 14, 8310 Kabelvåg

Annonseinformasjon

FINN-kode 242534708
Sist endret 10. jan. 2022 12:37

Rapporter annonse