Utløpt

Flor søkjer digital markedsfører

Arbeidsgiver
Flor AS
Stillingstittel
Digital Markedsfører
Frist
09.01.2022
Ansettelsesform
Fast

Likar du arbeid? Søk jobb hjå Flor!

Me ser etter deg som er strukturert, god på planar og prosessar, og som er rå på skape innhald som engasjerer. Du vil få ansvaret for drift av nettbutikk og nettside, planlegging av annonsering og organisk innhald i sosiale medier. I tillegg vil me gjerne at du er med der det trengst i ei lita bedrift. Stillinga er 100% og me ynskjer oppstart snarast.

Kontorstad vil vera Voss, og du må rekna med noko reiseverksemd.


Me ser etter deg som har:

  • God kommersiell forståing
  • Kunnskap om nettsal og oppbygging av nettbutikk 
  • Erfaring med bruk av mediebyrå og val av kommunikasjonskanalar
  • Kjennskap til Google sine verktøy
  • Ha god kjennskap til konverteringssporing/-marknadsføring, SEO og analyseverktøy
  • Kjennskap til Facebook Business Manager
  • Erfaring med å lage og produsere nyheitsbrev
  • Kjennskap til utvikling og forbetring av kundereisa
  • Gode skriftlege eigenskapar på nynorsk, bokmål og engelsk

 

Du må vera blid og positiv, lika å stå opp om morgonen, arbeidssom, sjølvgåande og initiativrik. Høyres dette ut som deg? Gje oss ein lyd med ein gong!  

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med Kristin Lemme på 416 80 716. 

Søknad med CV sendast på epost snarast, og før sundag 9. januar. 

 

Om arbeidsgiveren

Flor AS lagar fine og funksjonelle arbeidskle for kvinner, kle som gjer kvinner stoltare av yrket sitt. Selskapet vart skipa januar 2017, og sidan hausten 2018 har me levert kle som gjer det kjekkare å arbeide. I tillegg til klesproduksjon prøver me å spre gleda inn i arbeidslivet! Flor held til på Voss.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Strandavegen 3, 5705 Voss
Bransje
Butikk og varehandel,
Markedsføring og annonsering,
PR, informasjon og kommunikasjon
Stillingsfunksjon
Design / Web,
Markedsfører,
Salg

Nøkkelord

markedsføring, merkevarebygging, digital markedsfører, sosiale medier, innholdsproduksjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kristin Lemme
Stillingstittel
Dagleg leiar
Mobil
416 80 716
Følg firma
2 følger dette firmaet

Strandavegen 3, 5705 Voss

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 242390964
Sist endret 3. feb. 2022 11:44

Rapporter annonse