Ønsker du å vere med på laget og skape gode dagar for elevane saman med oss?

Arbeidsgiver
Tresfjord Friskule SA
Stillingstittel
Assistent (skule og SFO)
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Vikariat

Elevtalet har auka igjen og vi er difor på utkikk etter fleire tilsette.


Ønsker du å vere med på laget og skape gode dagar for elevane saman med oss?


Om du ønsker ei stilling som assistent i skule/SFO, i vikariat med moglegheit for fast stilling på sikt, så ønsker vi å snakke med deg!


Oppstart snarast råd og vi vurderer søknadar fortløpande.


Send CV og søknadstekst til post@tresfjordenspire.no



Inga offentleggjering av søkjarlista.

Om arbeidsgiveren

Tresfjord EnSpire skule (Tresfjord Friskule SA) er ein ny 1-7-grunnskule som starta opp hausten 2022. Skulen har godkjenning for inntil 70 elevar. Per i dag er det 36 elevar ved skulen, og det er fleire som har tatt kontakt som vurderer å søke, så det ligg an til å bli minst 39 elevar i løpet av august 2023.

Elevane er per i dag organisert i tre elevgrupper: 1.-2. trinn, 3.-4. trinn og 5.-7. trinn.

EnSpire-skulen ønsker å utvikle entreprenørskap på tvers av fag og klassetrinn. Dette opnar for eit eige entreprenørskapsfag, tverrfagleg temabasert undervisning og bruk av entreprenørskap som arbeidsform. Alle elevane har tilgong til ei digital eining (iPad/PC), for å styrke den digitale kompetansen. Vi er mykje ute i nærområdet og naturen, og er opptatt av å skape varierte og innhaldsrike dagar for elevane, med mykje leik, oppleving og læring.

Elevane får bruke eigne evner og interesser, og det blir lagt til rette for å oppdage kva for moglegheiter og ressursar som finst i nærmiljøet. Difor knytast skulen si verksemd tett opp mot lokalt arbeids og samfunnsliv. Vi ønsker bruk av elevbedrifter og praktisk arbeid velkommen, då det gir mange moglegheiter for meiningsfull læring.

EnSpire-skulen ønsker å vise elevane korleis dei kan vere med å utvikle sin eigen arbeidsplass og til å vere verdiskapande i lokalsamfunnet. Skuleåret 2022-2023 har elevane eksempelvis vore med på å forme skulen sin eigen skulehage, med dyrking av diverse grønsaker til eige bruk og til salg/gåver.

I løpet av skuleåret 2023-2024 kjem skulen til å sende inn ein søknad til Dysleksi Noreg om å bli sertifisert som dysleksivennleg skule.

For meir informasjon om oss, gå til www.tresfjordenspire.no.

Besøk oss gjerne på Instagram: www.instagram.com/tresfjord_enspire/

Sektor
Privat
Sted
Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Skoleassistent,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger
Arbeidsspråk
Norsk

Nøkkelord

assistent

Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kjetil Solem
Stillingstittel
Rektor/dagleg leiar
Mobil
40 60 33 77
Følg firma
4 følger dette firmaet

Neremsvegen 43, 6391 Tresfjord

Annonseinformasjon

FINN-kode 242374995
Sist endret 21. aug. 2023 14:00

Rapporter annonse