Utløpt

Dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje og besøkssenter

Arbeidsgiver
Fortidsminneforeningen
Stillingstittel
Dagleg leiar ved Borgund stavkyrkje og besøkssenter
Frist
14.01.2022
Ansettelsesform
Fast

Fortidsminneforeininga søkjer etter dagleg leiar for Borgund stavkyrkje og besøkssenter i 100 % stilling. Dagleg leiar vil vere tilsett i Fortidsminneforeininga sentralt i museums- og eigedomsavdelinga, bidra i utviklingsarbeid og prosjekter, og skal ha eit tett samarbeid med organisasjonen elles. Fortidsminneforeininga sin vedtekne museumsstrategi og berekraftstrategi legg føringar for arbeid og utvikling ved eigedomane. I tråd med desse skal det utviklast ei berekraftig, kvalitetsprega museumsdrift, som både forvaltar og formidlar kulturarven til den lokale, nasjonale og internasjonale marknaden. 

Oppgåver

  • Jobbe med utvikling av innhald, formidling og funksjonar ved stavkyrkja og besøkssenteret
  • Utvikle formidlings- og aktivitetsplanar som sikrar berekraftig besøksutvikling
  • Utvikle produkt og opplevingar i samarbeid med lokale reiselivsverksemder og aktørar
  • Jobbe aktivt med kulturturisme med basis i prinsipp for berekraftig reiseliv og innsikt i turistutviklinga i Noreg, men innan kulturminnet sine tolegrenser
  • Kontakt med turistnæringa og reiselivsaktørar om marknadsføring av Fortidsminneforeininga sine eigedomar
  • Administrasjon av besøk og anna bruk av stavkyrkja
  • Drift av museumsbutikk og kafé
  • Arbeide for at verksemda når dei økonomiske mål som er sett i driftsbudsjettet
  • Budsjett og økonomisk oppfølging
  • Rapportering av besøksstatistikk
  • Personalansvar for omvisarar og anna personale knytt til besøksdrifta, inkludert tilsetjingar, opplæring og oppfølging
  • Ansvar for HMS og Miljøfyrtårn-arbeidet

Arbeidsstad Lærdal

Kvalifikasjonar

Søkjarar bør ha høgare utdanning innafor relevant fagområde, t.d. reiseliv, kunsthistorie, historie og kulturformidling. Røynsle frå leiing, utviklings- og prosjektarbeid og bruk av sosiale media er ein føremon. Søkjarar må kunne formulere seg godt, både munnleg og skriftleg på norsk og engelsk og gjerne meistre eit framandspråk til. For å lukkast i stillinga må ein ha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner og vere utviklingsorientert, kontaktskapande og strukturert med evne til å arbeide sjølvstendig og i grupper. Jobben kan til tider vere hektisk, og du må vere budd på noko kvelds- og helgearbeid. Søkjaren må ha førarkort.


Fortidsminneforeininga tilbyr

Løn etter kvalifikasjonar. Forsikrings- og pensjonsordning. Fleksibel arbeidstid. 

Om arbeidsgiveren

Fortidsminneforeininga er verdas eldste frivillige kulturminnevernorganisasjon, og har 8000 medlemmar landet rundt. Vi arbeidar med kulturminnesaker gjennom formidling, politisk arbeid og eigedomsdrift. Fortidsminneforeininga eig 43 av dei mest verdfulle kulturhistoriske eigedomane i landet, mellom anna 8 stavkyrkjer og 10 andre mellomalderbygg.

Nettverk
Facebook
Sektor
Organisasjoner
Sted
6888 Borgund
Bransje
Kunst og kultur,
Museer, gallerier og kulturminne,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Ledelse

Nøkkelord

kulturarv, museum, reiseliv, turisme, leiarerfaring

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ola Harald Fjeldheim
Stillingstittel
Generalsekretær
Mobil
91 88 43 86
Kontaktperson
Merete Winness
Stillingstittel
Leder for museums- og eiendomsavdelingen
Mobil
92 24 79 62
Følg firma
147 følger dette firmaet

6888 Borgund

Annonseinformasjon

FINN-kode 241976528
Sist endret 27. jan. 2022 13:52

Rapporter annonse