Utløpt

Vernepleiar/Vernepleiar med vidareutdanning

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Vernepleiar/Vernepleiar med vidareutdanning
Frist
02.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Psykiatrisk klinikk har fleire ledige faste stillingar for vernepleiarar/vernepleiar med vidareutdanning i 100 % stilling.  

Psykiatrisk klinikk har starta felles rekruttering for ledige stillingar i klinikken. Alle stillingar blir tilknytt ein seksjon og for tida har vi ledige stillingar ved følgjande avdelingar:

*  Tidleg psykose (TPS)
*  Kompleks rehabilitering (KRS)
*  Regional avdeling for spiseforstyrringar
*  Avdeling for alderspsykiatri
*  Avdeling for psykose (S3, S4, S5)
*  Avdeling for stemningslidingar (S1, S6)
*  Psykiatrisk akuttmottak (PAM1, PAM2)

Les meir om avdelingane på våre nettsider   Opplys gjerne om du ønsker ei særskild avdeling i søknaden. Søknadar blir behandla fortløpande. 

Psykiatrisk klinikk er ein arbeidsplass med vel 750 tilsette som tilbyr spesialisert vurdering, diagnostisering, behandling og rehabilitering for vaksne over 18 år.  
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn i psykisk helsevern. Kvalitet i behandling og pasienttryggleik, og eit fagleg sterkt og godt arbeidsmiljø er sentralt i arbeidet vårt. 

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten
  • Ansvarsvakt

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som vernepleiar
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Vidareutdanning i psykisk helsearbeid er ønskjeleg
  • Må ha grunnleggjande IKT-kompetanse
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Du er opptatt av at pasientane skal få god pleie, respekt og omsorg medan dei er på sjukehuset
  • Du har god arbeidsmoral, er opptatt av kvalitet i arbeidet og er fagleg engasjert
  • Du arbeider strukturert, effektivt og målretta
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserer og samarbeidar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du må vere tilpassingsdyktig og takle stressande situasjonar
  • Du må ønskje og evne å motta rettleiing

Vi tilbyr

  • Ein spennande og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og faglege utfordringar
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Fagutvikling, internundervising og opplæring i MAP
  • Eit godt og tverrfagleg arbeidsmiljø
  • Kompetente medarbeidarar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sandviksleitet 1, 5036 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

Vernepleier,, vernepleiar, med, videreutdannelse,, Psykiatrisk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Urd Hege Loftesnes
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 64 22
Kontaktperson
Susanne Karlsen
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 57 52
Kontaktperson
Torill Kristine Johansen
Stillingstittel
Rådgjevar
Telefon
97 48 96 16
Kontaktperson
Arif Khan
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 87 10
Kontaktperson
Kjersti Valestrand Bjørnstad
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 95 86 12
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Sandviksleitet 1, 5036 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 241211109
Sist endret 8. des. 2021 17:37

Rapporter annonse