Utløpt

Overlege innan onkologi

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlege innan onkologi
Frist
23.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Overlege i Onkologi - eit fag i stor utvikling!

Har du eit brennande engasjement for faget onkologi? Vil du vere med på å byggje den beste klinikken?

Vi har ledige stillingar som onkolog frå snarast med oppstart etter næmare avtale.

Klinikk for kreftbehandling og rehabilitering i Helse Møre og Romsdal består av

  • Stråleterapieining
  • Sengepost, lindrande team og poliklinikk i Ålesund
  • Kreftpoliklinikk og lindrande team ved Volda, Molde og Kristiansund sjukehus
  • I tillegg har vi spesialisert rehabilitering som ein del av vår klinikk

Onkologiske legar er delt inn etter faggruppene uro/sarkom/CNS; GI/melanom; brystkreft/thyreoidea og stråleterapi.

Onkologi er eit variert fag som utviklar seg raskt. Nye behandlingsmetodar er stadig under utvikling. Onkologi gir rike moglegheiter for forsking og det er eige forskingsutval i klinikken. Seksjonane gir eit breitt onkologisk tilbod til pasientane. Dette gjeld også pasientar utanfor Helse Møre og Romsdal sitt primærområde, om faglege og geografiske omsyn gjer dette naturleg.

Vi er i gang med gjennomføringsfasen av SNR (fellessjukehuset i Nordmøre og Romsdal), og her har du er ein unik mulighet til å vere med å bygge eit robust miljø innan onkologi. Hovedarbeidsstad blir Molde/Kr. sund (SNR). Vil du lese meir om regionen vår, sjå Visit Molde og Visit Møre og Romsdal

Arbeidsoppgåver

  • Kliniske arbeidsoppgåvene vil mellom anna omfatte polikliniske konsultasjonar, vurdering av henvisninger,deltaking på MDT-møter og tilsyn
  • Deltaking i kliniske studier
  • Stillinga inneber teneste ved to av foretaket sine lokasjonar, dvs i Kristiansund og Molde (fra 2024 i nytt sjukehus på Hjelset utanfor Molde) 
  • Deltaking i vaktordning ved sengeposten i Ålesund etter avtale

Kvalifikasjonar

  • Du er overlege med godkjent spesialitet innan onkologi
  • Du har gode kunnskaper i norsk, både skriftleg og munnleg
  • Du er ansvarsbevisst 
  • Du har gode kommunikasjonsevner
  • Du deler gjerne kunnskap med andre
  • Det er ein fordel med Phd, forskningskompetanse  
  • Vi legg vekt på at du er god i det kliniske arbeidet med kreftpasientar

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeidsevner
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Du arbeider sjølvstendig

Vi tilbyr

  • Felles fagmiljø innad i klinikken og mellom lokasjonar
  • Sterkt tverrfagleg samarbeid med andre, både overlegar og andre profesjonar
  • Felles undervisning/fagmøter
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Parkvegen 84, 6412 Molde
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Kreft/onkologi

Nøkkelord

sjukehus,, sykehus,, onkologi,, overlege,, spesialist

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Jorun Bøyum
Stillingstittel
Klinikksjef
Telefon
70 10 68 07
Følg firma
209 følger dette firmaet

Parkvegen 84, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 241202320
Sist endret 8. des. 2021 15:57

Rapporter annonse