Utløpt

Jordmor i følgjeteneste

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Jordmor i følgjeteneste
Frist
16.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Har du lyst på ein spennande, variert og fagleg utfordrande jobb ytterst i havgapet? Velkomen til oss som jordmor i Helse Møre og Romsdal!  

Vi har no 4 x100 % ledige jordmorstillingar.

Stillinga består av arbeid i beredskap for følgjeteneste kombinert med fødsels- og barselomsorg ved fødeavdelinga. Det vil vere døgnvakter i beredskap, samt dag-, kveld- og nattevakter ved føden. Stillinga inneber arbeid kvar 3. helg fordelt mellom distriktet og føden. Fordelinga av arbeid i beredskap og føden vil vere omtrent 25/75. Andre stillingsbrøkar kan verte ledige ved interne rokkeringar. Drifta ved fødeavdelinga vil prioriterast, så ved behov kan den tilsette få flytta sine vakter frå beredskap til avdelingsarbeid i kortare perioder. Stillinga tilknyttast føden i Kristiansund eller Molde etter nærmare avtale med arbeidsgjevar. Beredskap for følgjeteneste på ytre Nordmøre dekker distrikta Halsa, Aure og Smøla. Det er årleg omlag 60-70 gravide i distriktet. Distriktet fordeler seg over øyer og fastland, og her nyttas ambulansebåt og –bil ved akutte turar. 

Føde- og barselavdelingane i Kristiansund og Molde har til saman 700 fødslar i året. Her tilbys ein-til-ein omsorg i aktiv fødsel, og tett oppfølging og ammerettleiing under barselopphaldet. Avdelingane er sertifisert som mor-barn-vennleg.

Høyrest dette fristande ut? Ta kontakt – og velkomen som søkjar! Vi kan hjelpe med bolig i ei overgangsfase, og også med kontakt med barnehage/skule. For meir informasjon om Kristiansund/ Romsdal og Nordmøre viser vi til nettsida: Visit Nordvest

Arbeidsoppgåver

  • Vurdering av fødselsstart, og andre akutte situasjonar i vaktdistriktet
  • Følge kvinner i aktiv fødsel med >90 min reiseveg til næraste fødeavdeling 
  • Jordmorfaglege oppgåver innanfor svangerskap, fødsel, barsel og gynekologi på fødeavdelinga

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som jordmor
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar 
  • Førerkort klasse B - søkjar må kunne disponere eigen bil i vakt i beredskap
  • Lokalkjennskap i distriktet er ein fordel, men ikkje eit krav

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert for fagleg utvikling
  • Du arbeider sjølvstendig, og har evne til å samarbeide i tverrfagleg team
  • Du er fleksibel og tilpasningsdyktig
  • Du er inkluderande og løysingsorientert

Personleg eignetheit vil bli vektlagt ved ansettelse.

Vi tilbyr

  • Eit inkluderende og godt arbeidsmiljø
  • Kompetanseheving gjennom internundervisning og kurs
  • Løn etter gjeldande overenskomst i helseforetaket
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
  • Eit tverrfagleg fellesskap
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver som gir mogelegheit for å bruke bredda i jordmorkompetansen
  • Vaktbolig i distriktet

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Som søkjar kan du be om å få namnet ditt unntatt frå offentleg søkjarliste. Arbeidsgjevar vil vurdere ein slik førespurnad og ta kontakt  med deg dersom førespurnaden ikkje blir tatt til følgje (jf. Offentligheitslova § 25).


Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Jordmor

Nøkkelord

jordmor, følgetjeneste, kristiansund, hmr, fast

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Johanne Gryt
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
91 83 12 10
Følg firma
210 følger dette firmaet

Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 241193469
Sist endret 9. des. 2021 12:30

Rapporter annonse