Utløpt

Rådgjevar innan hydrologi eller vassdragsteknikk

Arbeidsgiver
Sunnfjord Geo Center AS
Stillingstittel
Hydrolog
Frist
09.01.2022
Ansettelsesform
Fast

Sunnfjord Geo Center har kontor i Bergen, Førde og Stongfjorden. Vi har for tida aukande pågang av oppdrag og ser derfor etter hydrolog/sivilingeniør med erfaring og kompetanse innan flaum og/eller vassdragsteknikk til eitt av våre kontor. Vi ser hovudsakleg etter personar med erfaring, men nyutdanna vert òg oppmoda om å søke. 

Du vil vere med å administrere og utvikle arbeidsoppgåver og leveransar i samband med problemstillingar kring flaum og overvatn. Du kjem til å samarbeide tverrfagleg med dei andre avdelingane i selskapet i større prosjekt, men også med mindre prosjekt der ein jobbar sjølvstendig.

Arbeidsoppgåver:

  • utarbeide flaumfarevurderingar i samsvar med TEK17 og NVE sine retningsliner
  • kartlegging av erosjonsfare
  • kartlegging av flaumvegar og kritiske punkt i bratte bekkar
  • utgreiing og prosjektering av sikringstiltak mot flaum og erosjon
  • jobbe tverrfagleg med dei andre avdelingane i Sunnfjord Geo Center
  • bidra til å utvikle selskapet si flaumavdeling

Kvalifikasjonar:

  • sivilingeniør eller mastergrad i naturvitskap med relevante emne
  • gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsevner på norsk
  • kjennskap til relevant programvare, som td. HEC-RAS, HY-8 eller MIKE
  • erfaring med hydraulisk modellering
  • erfaring med GIS

Personlege eigenskapar:

  • du er fagleg engasjert og tek initiativ
  • du trivast med varierte arbeidsoppgåver og å jobbe tverrfagleg
  • du har evna til å jobbe sjølvstendig, effektivt og løysingsorientert
  • du har gode samarbeidsevner

Vi kan tilby:

  • konkurransedyktig løn
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • mogelegheit til å påverke eigen og selskapet si utvikling
  • varierte og tverrfaglege arbeidsoppgåver der diskusjon og samarbeid står i fokus
  • gode mogelegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • fleksibel arbeidsstad
  • sosiale samankonstar, turar og ekskursjonar

Om arbeidsgiveren

Sunnfjord Geo Center AS er eit solid konsulentselskap innan geofagleg rådgjeving og prosjektering. Vi er totalt 15 kollegaer som jobbar med utfordringar innan geoteknikk, kvikkleire, skredfare, flaumfare og miljøgeologi. Våre kundar er offentlege instansar og private utbyggjarar i store deler av landet. SGC har som mål å verte eit nasjonalt kunnskapssenter for geofagleg rådgjeving og formidling. Fagområdet flaum vil då utgjere ein viktig del av våre tenester.

Sektor
Privat
Sted
6984 Stongfjorden
Bransje
Bygg og anlegg,
Konsulent og rådgivning
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Vassdrag,
Rådgivning

Nøkkelord

Flom, Skred, Hydrologi, Vassdragsteknikk, Overvann

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anders Haaland
Mobil
48 03 82 37
Følg firma
2 følger dette firmaet

6984 Stongfjorden

Annonseinformasjon

FINN-kode 240283199
Sist endret 11. jan. 2022 13:16

Rapporter annonse