Prosjektleiar for Noregs friluftshovedstad
- Arbeidsgiver
- Ullensvang kommune
- Stillingstittel
- Prosjektleiar for Noregs friluftshovedstad
- Frist
- 20.12.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Nasjonalparkkommunen Ullensvang er òg Noregs Friluftshovudstad! Her er alt lagt til rette for både det nære og det spektakulære friluftslivet, og vegen til dei minneverdige naturopplevingane er kort. Uansett om du går til dei høgaste toppane eller sitt på ein benk ved fjorden, kjem du tett på naturen og opplevingar som blir med deg vidare i livet.
Friluftshovudstaden er i ei spanande utvikling. Turisme, landbruk og industri har stor vekst, noko som fører til at vi òg treng fleire flinke medarbeidarar i kommunen.
Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er regionssenter omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og treng no å ha fleire med på laget.
Tar du utfordringa?
Ledig stilling som prosjektleiar for Noregs friluftshovudstad
Me ynskjer å tilsetja ein drivande og engasjert prosjektleiar for Noregs friluftshovudstad. Arbeidet vil vere variert og ha eit grunnleggande positivt fokus på utvikling av kommunen. Du vil òg jobbe med utviklinga av Jondal som nasjonalparklandsby, nasjonalparkane våre, samt bidra inn mot turistinformasjonane.
Arbeidsoppgåver:
Hovudoppgåva vil vere å gjennomføre tiltak og delprosjekt i tråd med vedteken prosjektplan. I dette ligg det òg ansvar for oppfølging av økonomien i prosjektet. For 2021 er det budsjettert 1 mnok til konkret gjennomføring av delprosjekter. Prosjektplanen finn du her:
https://ullensvang.kommune.no/wp-content/uploads/2021/06/Friluftshovustaden-prosjektskisse-vedteken-av-kommunestyret.pdf
Andre arbeidsområde knytt til stillinga:
- Ullensvang er ein stor nasjonalparkkommune. Som prosjektleiar vil du bli involvert i forvaltning og utvikling av nasjonalparkane Hardangervidda og Folgefonna. Her vil du samarbeide med vår verksemd for plan/samfunnsutvikling og nasjonalparkforvaltar/styre.
- Jondal har status som nasjonalparklandsby. Ein nasjonalparklandsby skal ha eit godt vertskap for natur- og kulturopplevingar og vera ein god plass å bu. I stillinga ligg ansvar knytt til oppfølging av dette målet.
- Du vil òg kunne bli involvert i kommunen si drift av turistinformasjon, særleg i Jondal.
Ynskte kvalifikasjonar:
- Relevant erfaring med arbeid innan friluftsliv, reiseliv og prosjektleiing.
- Relevant høgskuleutdanning er ynskjeleg, men ikkje eit krav dersom søkjar kan syne til særs god realkompetanse og erfaring.
- Gode evner til skriftleg, munnleg og visuell presentasjon
- Administrasjonsspråket i Ullensvang kommune er nynorsk
Eigenskapar:
- Ynskje om å delta aktivt i utviklinga av den nye kommunen
- Evne til å arbeida systematisk
- Særs gode gjennomføringsevner
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Fleksibilitet og positiv innstilling
- Personlege eigenskapar vert vektlagt
Me tilbyr:
- Fast 100 % stilling
- Varierte og spanande arbeidsoppgåver i eit kompetent og utviklingsretta fagmiljø
- Løn etter avtale
- Gode moglegheiter for å utvikla kommunen, tenesta og eigen kompetanse
- Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Opheimsgata 31, 5750 Odda
- Bransje
- Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon
- Prosjektledelse
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Kristian Bondhus-Jensen
- Stillingstittel
- Kommunalsjef
- Mobil
- 97 55 86 00
Opheimsgata 31, 5750 Odda