Møre og Romsdal jordskifterett

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal jordskifterett
Stillingstittel
Overingeniørar
Frist
15.01.2022
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norges domstoler
Om stillinga

Domstolen har ledig 2 stillingar som overingeniør, der den eine er lokalisert til kontoret i Molde og den andre til kontoret i Surnadal. Arbeidet vil vere knytt til saker for heile domstolen og noko reiseaktivitet må påreknast. 

Arbeidsoppgåvene omfattar teknisk saksførebuing, samt teknisk gjennomføring av saker domstolen har heimel til å behandle innanfor sin rettskrets. Landmålingstekniske oppgåver består bl.a. av innmåling, utsetting og merking av grenser, berekningar og skildringar av grenser, utarbeiding av kart samt GIS-arbeid.

Stillingane kan vidare innebere førebuing, planlegging og utredning av sakene i samarbeid med dommar. Avhengig av kvalifikasjonar kan det også være aktuelt å gjennomføre rettsmekling.

Stillingane vil medføre feltarbeid, til dels i ulent og krevjande terreng. Dette føreset at du har normal god fysisk helse. Stillingane medfører også noko reiseaktivitet, og det er krav om at du har førarkort for bil. Jordskifteretten er tilslutta ei felles bilordning.


Om deg

Vi ønsker primært at du har ingeniør- eller høgskuleutdanning innan landmåling, geomatikk og/eller eigedomsfag. God og relevant erfaring frå tilsvarande fagområder kan i særskilde tilfelle kompensere for kravet til formell utdanning. Det vil bli lagt vekt på god kompetanse i landmåling, GIS, IKT, tingsrett, verdsetting og skogfag, samt evne og interesse for rettsmekling. Nyutdanna søkjarar vil også bli vurdert.

Du må ha gode samarbeidsevner, og kunne arbeide sjølvstendig. Du må kunne yte service og opptre på ein objektiv og kontaktskapande måte overfor partane i jordskiftesakene. Vi føreset at du kommuniserer godt muntleg og skriftleg, og kan delta i dialog med partar, private og offentlige instansar på ein god og forståeleg måte.


Vi tilbyr

Vi tilbyr ein spennande jobb i ei verksemd med eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du interessante og utfordrande oppgåver i eit breidt fagleg og godt sosialt miljø.

Stillingane vert lønna etter Hovedtariffavtalane i Staten som overingeniør (kode 1087), avhengig av kvalifikasjonar. Frå lønna blir det trekkt 2% innskot til god pensjonsordning i Statens pensjonskasse. På tenestereiser vert det gitt skyss- og kostgodtgjersle etter Statens regulativ. Arbeidskle m.m. vert kompensert i samsvar med særavtale.

Tidspunkt for tiltreding kan avtalast særskilt.

For stillingane gjeld prøvetid på seks månader og den følgjer normalarbeidstida i staten.


Spørsmål 

Spørsmål om stillingane kan rettast til 

  • Jordskifterettsleiar Asbjørn Rogne, mobil 976 94 840
    E-post: asbjorn.rogne@domstol.no
  • Jordskiftedommar Liv Røkkum Grimsmo, mobil 952 80 429,
    E-post: liv.rokkum.grimsmo@domstol.no
  • Jordskiftedommar Anne Kari Melbø, mobil 957 22 085
    E-post: anne.kari.melbo@domstol.no

Personopplysningar som vert oppgitt i søknad og CV til stillinga blir behandla i samsvar med lov om behandling av personopplysninger.

Dersom det kjem fram av søknaden din at du ønskjer konfidensiell handsaming, gjer vi merksam på at opplysingar om søkjar likevel kan gjerast offentleg, jf. offentleglova § 25.

Ved å søkje på stillingar i www.jobbnorge.no samtykkjer du til at vi kan handsame personvernopplysingar om deg. Opplysingane vil kun bli brukte i rekrutteringssamanheng. Personopplysingane dine vil ikkje bli lagra lenger enn naudsynt.

Søknad med CV, vitnemål og attestar sender du elektronisk via lenkje på denne sida "Søk stillinga". Alle attestar og vitnemål legg du ved samla i eitt vedlegg. Oppgi i søknaden om du søkjer på begge stillingane eller berre på ei av dei. 

Søknadsfrist: 15.01.2022.


Om arbeidsgiveren

Jordskifteretten er en særdomstol som arbeider med saker heimla i jordskiftelova.

Arbeidsoppgåvene er i hovudsak omforming av eigedomar, klarlegging av rettsforhold til fast eigedom og fastlegging av eigedomsgrenser.

Møre og Romsdal jordskifterett har tre likestilte rettsstadar, i Surnadal, Molde og Ørsta. Rettskretsen omfattar alle 26 kommunane i Møre og Romsdal fylkeskommune pluss Rindal kommune i Trøndelag. Jordskifteretten  har i dag totalt 17 tilsette der 7 er ingeniørar. 

Jordskifteretten ønskjer å vere utviklingsorientert, blant anna gjennom breidde og mangfald i arbeidsmiljøet slik at medarbeidarane skal kunne utvikle seg både fagleg og personleg. Kvalifiserte kandidatar vert oppfordra til å søkje uavhengig av alder, kjønn og etnisitet.

For meir opplysningar om jordskiftedomstolane, sjå www.jordskifte.no.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Molde, Surnadal, 6401 Molde
Bransje
Juridiske tjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør / Geomatikk

Annonseinformasjon

FINN-kode 239882199
Sist endret 25. nov. 2021 16:52

Rapporter annonse