Utløpt

Klima- og miljørådgivar

Arbeidsgiver
Kystverket
Stillingstittel
Klima- og miljørådgiver
Frist
15.12.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Kystverket

Vil du vere med å utvikle kunnskapsgrunnlaget om klimagassutslepp og forureining frå skip? Då vil vi gjerne at du sender oss ein søknad!

Kystverket bereknar klima- og miljøutsleppsdata for sjøtransporten og driv med kontinuerleg vidareutvikling for å ta omsyn til endringar som skjer i næringa. Avdelinga for transportplanlegging og mobilitet har ansvaret for desse berekningane, og ein stor del av arbeidsoppgåvene i stillinga vil vere knytt til dette. Oppgåvene omfattar utvikling av kunnskapsgrunnlaget om utslepp til luft frå skip og hamneaktivitetar, utgreiing av tiltak og verkemiddel for å nå regjeringa sitt mål om reduserte klimagassutslepp og mindre forureining. Vi søker ein medarbeidar med interesse for og kompetanse innan klima, miljø og teknologiske løysingar som kan medverke til å utvikle og formidle relevant kunnskapsgrunnlag.
Avdelinga for transportplanlegging og mobilitet har per i dag 18 tilsette, og har for tida kontor i både Ålesund og Arendal. Arbeidsstad for denne stillinga vil vere ved eitt av desse kontora. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere med å utvikle kunnskapsgrunnlaget om klimagassutslepp og forureining frå skip
    og hamneaktivitetar, herunder vidareutvikling av Havbase
  • Utvikle kunnskap om effekt av tiltak og verkemiddel for sektoren
  • Kunnskapsformidling
  • Bidra i arbeid for å redusere utslepp frå Kystverkets verksemd
  • Utgreiingsoppgåver og noko sakshandsaming
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning; fortrinnsvis hovudfag- eller mastergradnivå
  • Erfaring frå analyse og utgreiingsarbeid vil bli vektlagt
  • Ved omfattande og relevant erfaring innan fagområdet kan redusering av utdanningskravet bli vurdert
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Om arbeidsgiveren

Kystverket er ein nasjonal etat for kystforvalting, sjøsikkerheit og beredskap mot akutt forureining. Kystverket arbeider aktivt for ein effektiv og sikker sjøtransport gjennom å ivareta transportnæringas behov for framkome og effektive hamner. Kystverket driv førebyggande arbeid og reduserer skadeeffektane ved akutt forureining, og medverkar til ei bærekraftig utvikling av kystsona. Kystverket ligg under Nærings- og fiskeridepartementet.


 


 

Sektor
Offentlig
Sted
Sorenskriver Bulls gate
Bransje
Maritim og offshore,
Miljøtjenester,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Geologi/Fysikk/Kjemi,
Ingeniør,
Kontor og administrasjon

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Tore Relling
Stillingstittel
Avdelingsleiar
Telefon
91 69 41 14
Følg firma
1220 følger dette firmaet

Sorenskriver Bulls gate

Annonseinformasjon

FINN-kode 239877366
Sist endret 1. des. 2021 14:02

Rapporter annonse