Utløpt

Vil du vere med å leie Nordfjord til eit meir verdiorientert reisemål?

Arbeidsgiver
Visit Nordfjord AS
Stillingstittel
Prosjektleiar og forretningsutviklar
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Engasjement

Visit Nordfjord søker ein prosjektleiar og forretningsutviklar, som skal utvikle og leie berekraftsatsinga i Visit Nordfjord. Stillinga krev også at du som prosjektleiar og forretningsutviklar skal identifisere og utvikle nye innovasjonsprosjekt, som leier til eit meir verdiorientert reisemål.


Ansvarsområde:

  • Planlegge og utføre aktivitetar som leier til sertifiseringen av Nordfjord som Berekraftig reisemål
  • Ansvar for Visit Nordfjord si sertifisering som Miljøfyrtårn, med dette sørge for utvikling og målsetjingar
  • Drifte Visit Nordfjord sitt medlemsnettverk for berekraft
  • Utvikle og drive kommunikasjon knytta til berekraft, med dette nettside og medlemskommunikasjon
  • Samle, strukturere og anvende data knytta til berekraft
  • Etablere arbeidsprosessar knytta til berekraft
  • Bistå medlemsaktørar med implementere av ulike miljøsertifiseringsløysingar
  • Identifisere og utvikle nye forretningsmoglegheiter for reiselivet i regionen
  • Oppstart og gjennomføring av årlege innovasjonsprosjekt i samsvar med planlagt budsjett
  • Etablere effektive arbeidsmetodar internt, som er knytta til prosjekthåndtering


Vi ser etter deg som er:

  • Engasjert i berekraft, miljø og samfunnsansvar
  • Evne til kreativ tenking, kreativ problemløysing og teknologiforståing
  • Kjennskap til ulike prosjketverktøy
  • Evne til å forankre og ta beslutning


Kvalifikasjonar til stillinga:

  • Høgare utdanning
  • Prosjektleiareigenskapar
  • Kunnskap innan søknadsprosessar
  • Relasjonsbyggande eigenskapar
  • Kommunikasjonseigenskapar
  • Analytiske eigenskapar
  • Digital kompetanse


Den tilsette må pårekne andre ansvarsområder i samsvar med selskapet sin forretningsmodell og utvikling. Aktuelle arbeidsområder er marknadsarbeid og regionsutvikling.


Engasjement 2 år - Med moglegheit for fast stilling etter avslutta prosjektperiode.


Vi tilbyr:

  • Deltaking i eit kompetent, men uformelt arbeidsmiljø
  • Påverknadsmoglegheiter
  • Spennande og utfordrande jobb innanfor framtidas premissdrivar for reisemålsutvikling

Om arbeidsgiveren

Visit Nordfjord AS er eit destinasjonsselskap, som vart stifta i 1993. Visit Nordfjord AS er eit samlingspunkt for aktørar, kommune og fylkeskommune. Vår oppgåve er å bidra til verdiskaping og sysselsetjing i reiselivet ved å skape ein attraktiv region. Visit Nordfjord arbeider strategisk og berekraftig med prioriterte arbeidsområder for å heve destinasjonen som heilskap.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Perhusvegen 24, 6783 Stryn
Hjemmekontor
Delvis hjemmekontor
Bransje
Konsulent og rådgivning,
Markedsføring og annonsering,
Reise og turisme
Stillingsfunksjon
Forretningsutvikling og strategi,
Markedsfører,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Bærekraftsansvalig, Digitalkompetanse, Innovasjonsprosjekt, Forretningsutvikler, Prosjektleder

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marita Lindvik
Stillingstittel
Reiselivssjef
Mobil
48 14 86 99
Følg firma
6 følger dette firmaet

Perhusvegen 24, 6783 Stryn

Annonseinformasjon

FINN-kode 239849746
Sist endret 6. jan. 2022 14:12

Rapporter annonse