Inaktiv

Dagleg leiar, Jotunheimen booking og arrangement AS

Arbeidsgiver
Jotunheimen booking og arrangement AS
Stillingstittel
Daglig leder
Frist
21.11.2021
Ansettelsesform
Fast

Er du erfaren med salsarbeid, produktpakking og marknadsføring har du no ei unik moglegheit til å skaffe deg drøymejobben i fjellbygda Lom! 

Er du i tillegg gira på å freiste enda fleire til å oppleve den unike naturen, aktivitetane, maten og kulturen i Lom og Jotunheimen?  

 

Dei tre veletablerte reiselivsbedriftene Nordal turistsenter, Fossberg hotell og Fossheim hotell i Lom kommune er i ferd med å danne eit felles selskap som skal ha fokus op produktpakking, salsarbeid, marknadsføring og kampanje- og arrangementsutvikling.

Med base i nasjonalparklandsbyen Lom, med Galdhøpiggen, Glittertind og andre naturopplevingar i “bakhagen”, er dette ei sjeldan moglegheit til å utfolde seg i den kjente Jotunheimen nasjonalpark – kremen av Fjell-Noreg. 

 

Arbeidsoppgåver og ansvarsområde*

  • Bidra til auka synlegheit for selskapet gjennom strategisk kommunikasjon, sal og marknadsføring både nasjonalt og internasjonalt.
  • Arbeide for effektivisering og digitalisering av salsstrategi og rutinar for oppfylging. 
  • Jobbe med arrangement- og produktutvikling for bedriftene, med mål om å styrke låg- og skuldersesongene.
  • "Pakking av eksisterande og nye reiseopplevingar.
  • Ansvar for å planlegge og gjennomføre løpande administrasjonsoppgåver og drift av selskapet på dagleg basis, med budsjett og resultatansvar.
  • Sal og marknadsføring av dei tre selskapa
  • Arbeide tett med eigarane heile året, samt med tilgrensande samarbeidspartnarar.

 

*Sidan dette er ei nyetablert stilling i eit selskap under stifting, vil ein del av arbeidsoppgåvene bli definert undervegs. Stillinga vil bli utvikla i tett dialog med leiinga og salsapparat i eigarbedriftene.


Vi ser etter deg som har: 

  • Relevant høgare utdanning - erfaring og personlege eigenskapar kan kompensere for utdanning
  • Erfaring innan sal og marknadsføring (ink. B2B-arbeid og prosjektarbeid), arrangementsplanlegging og /eller prosjektutvikling i reiselivet.
  • Grunnleggande økonomi- og rekneskapsforståing.
  • Erfaring i bruk av ulike bransjeprogramvare som bookingsystemar, CRM, økonomi/rekneskap.
  • God forståing på digitale verktøy, webløysingar, sosiale media samt marknadsføringsanalyse av statistikkarbeid.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne, både norsk og engelsk, gjerne tysk.
  • God visuell framstillingsevne.

 

Vi ynskjer at du: 

  • Er utadvendt, serviceorientert og handlekraftig.
  • Evnar å jobbe sjølvstendig, men og i team
  • Har erfaring frå næringslivet, strategisk kompetanse og forståing av bransje både gjennom eiga erfaring og opplevingar som gjest.

 

Vi kan freiste med:  

  • Utfordrande og spennande oppgåver. 
  • Moglegheit til å kunne påverke utviklinga av reiselivet i Lom og Jotunheimen. 
  • Arbeidsstad på ein av dei mest attraktive høgfjellsdestinasjonane i Norge. 
  • Konkurransedyktige vilkår og fleksible arbeidstidsordningar. 

 

Kjenner du at "fjellet kallar"? Ja, da er det berre å sende oss ein søknad! 

 

For spørsmål til stillinga, kontakt:   

Heidrun Garmo, Fossheim Hotell 

 

Søknad med CV må sendast innan 21.november 2021 til Fossheim hotell, Bergomsvegen 32, 2686 Lom, eller på e-post.

Om arbeidsgiveren

Om Jotunheimen booking og arrangement AS:


Dette er eit nyoppretta selskap med base i nasjonalparklandsbyen Lom. Bak selskapet står dei tre tradisjonsrike serverings- og overnattingsbedriftene Nordal, Fossheim og Fossberg, som alle har vore sentrale i reiselivet i Lom sidan slutten av 1800-talet!

Lom sentrum er eit knytepunkt mellom aust og vest, og det er stutt veg over til fjordlandskapet i både Geiranger, Sogn og Stryn / Loen.?Området er kjent for sin storslegne natur og varierte mat-, kultur- og aktivitetstilbod. Tydelege sesongsvingingar gjer det nødvendig med målretta arbeid for å fylle større delar av året med gjestar og aktivitetar.

Sektor
Privat
Sted
2686 Lom
Bransje
Hotell og overnatting,
Reise og turisme,
Restaurant, mat og uteliv
Stillingsfunksjon
Hotell og overnatting / Booking,
Markedsfører,
Salg
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Heidrun Garmo
Mobil
996 45 015
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

2686 Lom

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 237595235
Sist endret 22. nov. 2021 00:04

Rapporter annonse