BESATT

Bli med i eit verdsleiande miljø for utviklinga av grøn skipsfart

Arbeidsgiver
NCE Maritime CleanTech
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgivar
Frist
14.11.2021
Ansettelsesform
Fast

Kan du kommunikasjon, og brenn du for innovasjon og grøn omstilling? Har du ein god penn, og kommuniserer like godt på engelsk som norsk? No kan du bli vår nye kommunikasjonsrådgivar – og ein del av eit verdsleiande miljø for utviklinga av framtidas maritime næring.

Hos Maritime CleanTech vil du få ei viktig rolle i ei klynge med over 150 små og store selskap innanfor maritim industri. Arbeidet skjer i tett samspel med ein aktiv administrasjon, og involverer mange spennande aktivitetar saman med representantar frå både industri, forskingsmiljø, offentleg sektor og kapitalmiljø.

Saman utviklar me nye løysingar, fartøy og infrastruktur som gjer at skipsfarten kan nå sine utsleppsmål – og at Noreg kan bli ein leiande leverandør av løysingane havnæringane treng i framtida.

No søker me etter ein utviklingsorientert kommunikasjonsrådgivar som skal bidra til å informera og profilera nye løysingar for ei global næring.

Sentrale oppgåver vil vera:

  • Bistå i informasjon og profilering av MCT og prosjekt
  • Planlegging og gjennomføring av kommunikasjonsleveransar i nasjonale og internasjonale prosjekt
  • Bistå i utvikling og oppfølging av kommunikasjonskanalar i MCT og prosjekt
  • Planlegging og gjennomføring av arrangement
  • Oppfølging og profilering av samarbeidspartnarar
  • Tekstproduksjon (engelsk)
  • Oppfølging kommunikasjonsleveransar eksterne samarbeidspartnarar

Du er ein strategisk kommunikasjonsrådgivar som gjerne har erfaring frå maritim næring, journalistikk og/eller kommunikasjon. I tillegg er du ein engasjert og tillitsfull kollega, som tar initiativ og ser moglegheiter.

Vil du vera med på laget i arbeidet mot grøn vekst i Noregs viktigaste næring? Send oss ein cv og kortfatta søknad. Me ønsker rask oppstart og søknader vil bli vurdert løpande, endeleg søknadsfrist er 14. November.

Maritime CleanTech har hovudkontor på Stord, og avdelingskontor i Bergen. Men fleksible ordningar for arbeidsstad (f.eks. Stavanger eller Oslo) kan diskuterast for den rette kandidaten.

Spørsmål om stillinga kan rettast til Håvard Tvedte, direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt.

Nettverk
Facebook, LinkedIn, X
Sektor
Organisasjoner
Sted
5003 Bergen
Bransje
Maritim og offshore,
PR, informasjon og kommunikasjon,
Shipping
Stillingsfunksjon
Journalist,
PR og informasjon,
Prosjektledelse

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Håvard Tvedte
Stillingstittel
Direktør kommunikasjon og samfunnskontakt
Mobil
92 63 01 19
Følg firma
31 følger dette firmaet

5003 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 236571988
Sist endret 6. des. 2021 18:16

Rapporter annonse