Utløpt

Rådgjevar (forsking, forskarutdanning)

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Rådgjevar (forsking, forskarutdanning)
Frist
14.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Universitetet i Bergen
Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w (https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w)


Rådgjevar (forskning, forskarutdanning)

Ved Det medisinske fakultet, Institutt for Biomedisin, er det ledig ein stilling som rådgjevar (100 %) . Stillinga er en del av administrasjonen ved instituttet og rapporterer til administrasjonssjef.

Institutt for biomedisin husar fakultetet sitt basalmedisinske fagmiljø. Instituttet har om lag 180 tilsette og eit budsjett på om lag 150 mill. Instituttet har til ei kvar tid om lag 75 kandidatar i forskarutdanninga.


Arbeidsoppgåver:

 Arbeid med forskings- og forskarutdanningsadministrative oppgåver som

  • Administrativ søknadsstøtte (i samarbeid med forskingsrådgjevar på fakultetet)
  • Sekretær for forskingsutvalet og Ph.d.-utvalet
  • Kvalitetssikring Cristin (publiseringsdatabasen)
  • Ph.d.-koordinator - det vil seie administrativ støtte og oppfølging av kandidatane i forskarutdanninga
  • Administrativ tilrettelegging og -oppfølging av disputasar
  • Instituttet sine oppgåver knytt til forskarlina og forskarskular
  • Administrativ støtte mot forskingsgrupper
  • Ulike formidlingsoppgåver (web, nyhetsbrev mm)

Alle i administrasjonen vil, i tillegg til dei spesifikke funksjonar lagt til si stilling, også måtte ta del i andre administrative oppgåver ved behov. Det kan verte aktuelt med nokre justeringar av arbeidsoppgåver og arbeidsfordeling.


Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Høgre utdanning på minst masternivå med eit eller fleire relevante fag i fagkombinasjonen, eller spesialutdanning tilpassa dei oppgåvene stillinga skal dekkje.
  • Relevant praksis vil bli lagt vekt på
  • God kjennskap til det administrative arbeidsfeltet og erfaring frå universitets- eller høgskulesystemet og offentleg forvaltning vil bli lagt vekt på.
  • Erfaring med rettleiing  
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på begge målformer
  • Gode engelskkunnskapar er viktig, då ein stor del av dei tilsette og stipendiatane er framandspråklege
  • God IT-kompetanse og røynsle med program som Felles Studentsystem og ePhorte vil bli lagt vekt på

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner, initiativ, fleksibilitet og sørvisinnstilling
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
  • Evne til prioritering og orden i fasar med stort arbeidspress
  • Har digital kompetanse og evne til å tileigne seg nye ferdigheiter

Ved vurdering av søkjaren vil vi legge stor vekt på dei personlege eigenskapane som er naudsynte for stillinga.


Vi kan tilby:
  • Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø
  • Stilling som rådgjevar (kode 1434) i lønssteg 58 - 64 (for tida kr 524 900 - 583 500 ) i det statlege lønsregulativet. For særs kvalifisert søkjar kan høgare løn vurderast.
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)

Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:  administrasjonssjef Janne Gotaas  tlf.  98038834, janne.gotaas@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Personar med innvandrarbakgrunn og personer med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).


Om arbeidsgiveren

Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.

Det medisinske fakultet består av fem institutt og sju senter. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.  

Sektor
Offentlig
Sted
Jonas Liesvei 91, 5020 Bergen
Bransje
Forskning, utdanning og vitenskap,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Forskning/Stipendiat/Postdoktor,
Saksbehandler
Følg firma
1204 følger dette firmaet

Jonas Liesvei 91, 5020 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 236242537
Sist endret 23. okt. 2021 00:00

Rapporter annonse