Utløpt

Ønskjer du å vera med å byggja og vidareutvikle ei tradisjonsrik verksemd i Suldal?

Arbeidsgiver
Møgedal Mekaniske Verkstad AS
Stillingstittel
Dagleg leiar
Frist
Fortløpende
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HUMAN AS
Møgedal Mekaniske Verkstad er ei tradisjonsrik verksemd lokalisert i Bergekrossen på Sand. I snart 50 år har me drive med sal og vedlikehald av snøscooter, ATV, traktor og reiskapar for landbruket. Me har eige verkstad og butikk, og våre medarbeidarar har god teknisk forståing og produktkunnskap.
I 2020 valde Møgedal å selje verksemda til Årdal Landbruk. Me har sett gode effektar av dette så langt. I åra som kjem vil me difor arbeida for å nytta alle moglegheitene dette gjev, og ha fokus på vekst for begge verksemder.
Me står nå ovanfor eit generasjonsskifte og søkjer difor ein operativ leiar som vil få ansvar for den daglege drifta og utviklinga av Møgedal Mek. Verkstad. Du blir ein del av ein kompetent organisasjon med solid erfaring, som har det beste utgangspunktet for vidare vekst.
Du vil få ein variert og allsidig arbeidskvardag, der du sjølv vil vera delaktig i sals- og kundearbeid. Du vil samarbeide tett med eigarar og Årdal Landbruk, og på den måten vera ein pådrivar for vidareutviklinga av verksemda.
Den rette personen trivst med sal, har teknisk interesse og er god med folk. Du har forståing for lokal kultur og viktigheita av ei truverdig framferd. Ved å vera ein motiverande og samlande leiar, vert du ein viktig pådrivar for vidare vekst og utvikling.

Dine ansvarsområde:
  • Personal-, HMS-, økonomi og resultatansvar for verksemda
  • Vere operativ i butikk og i verksemdas sitt salsarbeid
  • Kontakt med leverandørar og samarbeidspartnarar
  • Representera verksemda i lokalmiljø og i relevante fora
  • Bidragsytar til godt og økt samarbeid på tvers
Din kompetanse:
  • Forståing for økonomi, personal og administrative oppgåver
  • Teknisk forståing og interesse
  • Erfaring med sal og kundehandsaming
  • Fortrinnsvis leiarerfaring
  • God ordenssans og skriftleg framstillingsevne
  • God forståing for IT og digitale arbeidsverktøy
Dine personlege eigenskapar:
  • Trivst med sal og kundekontakt
  • God på å motivera og få det beste ut av folk
  • Resultatorientert og har eit driv for utvikling
  • God på å kommunisera og byggja gode relasjonar
  • Strukturert og held god oversikt


Me kan tilby ei spanande leiarstilling med store personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.

Har du spørsmål eller ønskjer du ein uforpliktande prat om stillinga? Ta kontakt med våre rådgivarar i Human, Arne Dalehaug, på mob 957 86 454 eller Odd Arild Sævik, på mob 450 21 995. Spørsmål kan óg rettast til styreleiar i Møgedal Mek. Verkstad, Stian Vadla, på mob 971 08 256.

Om arbeidsgiveren

Møgedal Mekaniske Verkstad AS vart starta av brødrene Knut og Asbjørn Møgedal. Firma vart etablert i mai 1973 med verkstad i ein gammal garasje, etterkvart kom behovet for meir plass, og i 1985 flytta verksemda inn i nye lokaler ved Bergekrossen. I 2004 vart firma seldt til Geir Bakka, som har arbeidd i firmaet sidan 1980, I 2010 kom også brødrene til Geir, Werner og Leif Bakka inn på eigarsida. Firmaet har ved fleire høve blitt kåra til Årets forhandlar, og mottok i 2001 prisen for Årets Suldalsbedrift. I 2017 fekk også bedrifta den gjeve merkevareprisen frå Ryfylkealliansen, med bakgrunn i rolla bedrifta speler som Ryfylkeambassadør og nettverksbyggar. I dag sysselset Møgedal Mek. Verkstad ni personar. I november 2020 selde Møgedal Mek. Verkstad sine aksjar til Årdal Landbruk. Med dette har dei to bedriftene samla seg for å stå sterkare i ein tøff marknad. Drifta hjå Møgedal held fram som vanleg, og brødrene Bakka har nøkkelrollar også framover.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Sandsvegen 261, 4230 Sand
Bransje
Bygg og anlegg,
Butikk og varehandel
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Salg / Teknisk salg

Nøkkelord

Anleggsbransjen, Ledelse, Salg, Teknisk salg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Odd Arild Sævik
Stillingstittel
Managing Partner
Telefon
45 02 19 95
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Stian Vadla
Stillingstittel
Styreleder
Telefon
97 10 82 56
Kontaktperson
Arne Dalehaug
Stillingstittel
Senior Consultant
Telefon
95 78 64 54
Følg firma
770 følger dette firmaet

Sandsvegen 261, 4230 Sand

Annonseinformasjon

FINN-kode 236218301
Sist endret 24. nov. 2021 11:24

Rapporter annonse