Utløpt

Vil du arbeide med val og lokaldemokrati?

Arbeidsgiver
Kommunal- og moderniseringsdepartementet
Stillingstittel
Førstekonsulent/rådgivar
Frist
14.11.2021
Ansettelsesform
Trainee
Bli kjent med KOMMUNAL- OG DISTRIKTSDEPARTEMENTET
Om traineeprogrammet og stillinga

Stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten og er øyremerkt personar med høgare utdanning og nedsett funksjonsevne og/eller hol i CV-en. Traineeprogrammet er ein del av staten si satsing på å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og hol i CV-en i arbeidslivet. Programmet skal òg sørgje for nye ressursar og styrkje mangfaldet i statlege verksemder.

Seksjon for val og lokaldemokrati (VL) har eit breitt ansvarsområde innanfor val og demokrati. Seksjonen har ansvar for ei rekkje lover og forskrifter, for etatsstyringa av Valdirektoratet og for fleire større utviklingsprosjekt. Arbeidet dei neste åra vil bli prega av oppfølginga av NOU-en med forslag til ny vallov, inkludert regelverket for val til Sametinget. Det vil vere aktuelt å samarbeide med kommunar, Valdirektoratet, administrasjonen til Sametinget og andre seksjonar, avdelingar og departement. Seksjonen er tidvis prega av høgt tempo og korte tidsfristar. Denne stillinga vil gi fagleg fridom. Du vil kunne få erfaring med etatsstyring og kjennskap til korleis staten fungerer.

Stillinga er eit engasjement som varer i inntil 2 år.


Du får
  • Delta i arbeidet med utviklinga av regelverket for sametingsvalet, og bidra i diskusjonar om korleis dette kan gjennomførast
  • Delta i arbeidet med å følge opp NOU-en med forslag til ny vallov
  • Delta i skrivinga av høyringsnotat og proposisjonar
  • Delta i etatstyringa av Valdirektoratet
  • Bidra i oppfølginga av evalueringar av vala i 2021

Vi søkjer deg som har
  • Relevant høgare utdanning på masternivå, innanfor retts- eller samfunnsvitskap
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne 

I tillegg er det ønskjeleg at du har

  • Gode engelskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Kjennskap til vallovgivninga og valordninga 
  • Erfaring frå kommunesektoren 

Personlege eigenskapar:

  • Du er analytisk, strukturert og nøyaktig
  • Du er fleksibel
  • Du trivst med å arbeide med fleire saker samtidig og i eit til tider høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner og liker å jobbe med ulike typar menneske

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar. 

Utdanning og erfaring må dokumenterast med CV, vitnemål og attestar.


Vi tilbyr
  • Ein spennande jobb i eit svært sterkt fagmiljø
  • Fagleg fridom og gode utviklingsmoglegheiter
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar, med automatisk medlemskap i Statens pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidstid
  • 100% stilling, men prosenten kan justerast ved ev. tilretteleggingsbehov

Vi ønskjer deg velkommen inn i eit arbeidsfellesskap med dyktige kollegaer som er stolte av jobben sin. 

Lønn: Stillinga blir lønt som førstekonsulent/rådgivar frå 500 000 til 570 000 kroner per år. Stillings- og lønnsinnplasseringa avheng av erfaring og kvalifikasjonar. For særleg kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast.

Frå lønna blir det trekt 2 prosent innskot til Statens pensjonskasse.


Slik søkjer du

Søknaden sender du elektronisk via lenka Søk stillinga på denne sida.

For å bli vurdert til stillinga må du stadfeste at du er i målgruppa, ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.

Nedsett funksjonsevne: ein søkjar som oppgir å ha ei funksjonsnedsetjing som vil krevje tilrettelegging på arbeidsplassen eller i arbeidsforholdet

Hol i CV-en: ein søkjar som på søknadstidspunktet har vore utanfor arbeid, utdanning eller opplæring i minst to år til saman i løpet av dei siste fem åra

Les meir om krava i Arbeidsgivarportalen. (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Godt medarbeidarskap  (https://www.regjeringen.no/no/dep/kmd/jobbeikmd/vi-forventer/id2415481/)er viktig for oss.

KMD samarbeider med Meditor for bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar. Bakgrunnssjekken blir utført etter samtykke frå deg som søkjer, og inneber at vi verifiserer CV og annan søknadsdokumentasjon i samband med tilsetjinga.

I samsvar med offentleglova 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.

Kontaktperson: For nærmare opplysningar om stillinga kan du kontakte avdelingsdirektør Siri Dolven, tlf. 90849399, e-post: siri.dolven@kmd.dep.no.


Om arbeidsgiveren

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har om lag 380 tilsette og er sekretariatet for kommunal- og distriktsministeren og resten av den politiske leiinga. Departementet har ansvar for ei rekkje etatar og verksemder.

Kommunalavdelinga har ansvaret for å følgje opp kommunepolitikken til regjeringa. Ansvarsområda til avdelinga omfattar kommuneøkonomi, samordning av statlege tiltak overfor kommunane og fylkeskommunane, innovasjons- og forenklingsarbeidet retta mot kommunesektoren, kommunereforma, kommunalrett, kommune- og fylkesinndeling, administrasjon av val, partilova og partifinansieringa, konsultasjonar mellom staten og kommunesektoren, KOSTRA (KOmmune-STat-RApportering), Det tekniske utrekningsutvalet, Valdirektoratet og Kommunalbanken AS.

Sektor
Offentlig
Sted
Akersgata 59, 0032 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Jurist,
Saksbehandler,
Samfunnsviter

Nøkkelord

Trainee, Valg, Nyutdannet, Departement, Lokaldemokrati

Følg firma
893 følger dette firmaet

Akersgata 59, 0032 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 236212485
Sist endret 5. nov. 2021 13:29

Rapporter annonse