Utløpt

Fast stilling som seniorrådgjevar i seksjon for internasjonalt samarbeid og beredskap

Arbeidsgiver
Helse- og omsorgsdepartementet
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Frist
05.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med HELSE- OG OMSORGSDEPARTEMENTET
Ønskjer du å arbeide hos oss i Helse- og omsorgsdepartementet?

Vil du vere med og bidra til utvikling og fagleg høg kvalitet på område som er viktige for samfunnet, og vere med og bidra til at folk får betre helse? Då kan dette vere jobben for deg!

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig og engasjert medarbeidar med interesse for å arbeide med arbeidsfelta i seksjonen, særleg knytt til europaspørsmål og europeisk helseberedskap. Stillinga medfører mykje kontakt med norske styremakter og utanriksstasjonar, styremakter i andre land og internasjonale organisasjonar. Du lyt rekne med noko reiseverksemd.


Om ansvarsområda i seksjonen

Seksjon for internasjonalt samarbeid og beredskap er éin av tre seksjonar i Administrasjonsavdelinga i departementet. Seksjonen samordnar oppgåvene departementet har innanfor internasjonalt arbeid, beredskap og tryggleik. Sentrale beredskaps- og tryggleiksoppgåver er utvikling av system, beredskapsplanar, kompetansetiltak, øvingar og krisehandtering, og internasjonalt samarbeid om å førebyggje og handtere grensekryssande helsetrugsmål. Noreg har eit stort internasjonalt helsepolitisk engasjement mellom anna gjennom samarbeid i Nordisk ministerråd, EU/EØS, FN/Verdshelseorganisasjonen (WHO) og nordområda. Dessutan har seksjonen ansvar for bilaterale avtaler, handelspolitiske saker og tilrettelegging av internasjonalt engasjement for politisk leiing.


Kvalifikasjonar og eigenskapar

Kvalifikasjonar:

Du må:

  • ha relevant høgare utdanning på masternivå, helst samfunnsvitskap
  • ha relevant internasjonal erfaring
  • ha god kjennskap til EU/EØS og europeisk helseberedskap
  • ha røynsle frå departementsarbeid og god kjennskap til helseforvaltinga
  • ha særs god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk i tillegg til fransk eller tysk
  • ha stor arbeidskapasitet og evne til å handtere stundom høgt tempo og arbeidspress
  • kunne tryggingsklarerast.
  •  

For seniorrådgjevar krev vi normalt minst 6 år relevant yrkeserfaring.

Vi søkjer ein person som

  • har gode kontaktskapande evner
  • har god analyse- og vurderingsevne
  • har god rolleforståing og forståing for politiske prosessar
  • tek initiativ og har god gjennomføringsevne
  • er raus, fleksibel og omgjengeleg
  • arbeider godt sjølvstendig og i team.

Vi legg stor vekt på at du høver som person.


Vi tilbyr
  • utfordrande arbeidsoppgåver og gode høve til å utvikle seg
  • eit fagleg dyktig og spennande arbeidsmiljø med engasjerte og trivelege kollegaer
  • fem veker ferie, fleksitidordning og gode velferdsordningar.
  • Varighet: Fast
  • Tilsetjing: Snarast
  • Stillingsbrøk: 100 %

Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet (https://www.regjeringen.no/no/dep/hod/jobb-i-hod/jobbe-i-helse--og-omsorgsdepartementet/id2411858/)

Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.

Løn:

Kr 650 000-750 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare løn

2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.


Vil du vite meir? 

Nærare opplysningar om stillinga kan rettast til

avdelingsdirektør Tone Wroldsen, tlf. 415 08 351

eller

underdirektør Nina H. Thoresen, tlf. 900 44 766


Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet 

Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.

Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling)

Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.


Slik søkjer du

Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.

 

Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.  

Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.    

 

Unntak fra offentlig søkerliste  

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.  


Om arbeidsgiveren

Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.

Departementet har 220 tilsette.     

Les meir om oss på regjeringa.no.
 

 

Sektor
Offentlig
Sted
Teatergata 9, 0180 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Samfunnsviter
Følg firma
1061 følger dette firmaet

Teatergata 9, 0180 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 236197629
Sist endret 22. okt. 2021 15:20

Rapporter annonse