Utløpt

Marknadskoordinator

Arbeidsgiver
Patentstyret
Stillingstittel
Marknadskoordinator
Frist
04.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med PATENTSTYRET
Kunnskap om patent-, varemerke- og designrettar er viktig for at næringslivet kan utnytte verdiane sine på ein god måte. Vår avdeling Kommunikasjon og kunnskap har ei sentral rolle i å formidle slik kunnskap. Vi har ansvar for ekstern og intern kommunikasjon samt profilering av Patentstyrets tenester. Ei viktig oppgåve er å tilby opplæring for næringslivet og innovasjonsmiljø gjennom rettleiing i form av kurs og foredrag.  

Varierte arbeidsoppgåver

Som marknadskoordinator får du ei sentral rolle i Patentstyret. Du skal bidra til å koordinere dei eksterne aktivitetane som foredrag og rettleiingsarbeid, og sikre god administrasjon og profesjonell gjennomføring av kursa våre.

Vi er på jakt etter deg som er god til å koordinere og utvikle Patentstyrets eksterne kunnskapsformidling, i tillegg til administrasjon og gjennomføring av kurs og arrangement. Dine viktigaste oppgåver vil vere å sørgje for praktiske førebuingar og gjennomføring av Patentstyrets kurs, og ha tett kontakt med både eksterne og interne foredragshaldarar. Du vil få eit spesielt ansvar for å gjennomføre strøyming av webinara våre.

Kva kvalifikasjonar har du?

  • Bachelorgrad, fortrinnsvis innan marknadsføring eller administrative fag
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
  • gode IT-kunnskapar
  • gjerne erfaring med marknadsførings- eller kursarbeid
  • kjennskap til det offentlege verkemiddelapparatet og norske innovasjonsmiljø 

Kven er du som person?

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, og vi ønskjer å tilsetje deg som er 

  • sjølvstendig og strukturert
  • produktiv og kan levere resultat innan gitte fristar
  • initiativrik, effektiv og nøyaktig
  • engasjert og nysgjerrig
  • lyttande og flink til å samarbeide  

Vi tilbyr

  • eit godt arbeidsmiljø som verdset mangfald
  • ein variert og fleksibel arbeidskvardag i ein velfungerande organisasjon
  • gode høve til fagleg og personleg vekst i eit sterkt kompetansemiljø
  • høve til å påverke og ta ansvar
  • fleksibel arbeidstidsordning og sommartid
  • gode heimekontorordningar
  • pensjonsordning og høve for lån i Statens pensjonskasse gode velferdsordningar  

Les meir på nettsidene våre: https://www.patentstyret.no/om-oss/jobb-hos-oss/ 

Stillinga blir kunngjord som fyrstekonsulent/seniorkonsulent frå kr 446 800 – kr 580 000. For særleg kvalifiserte søkjarar kan vi vurdere høgare lønn.

Slik søkjer du
Søknad blir send elektronisk via lenka "Søk stillinga". Legg ved vitnemål og eventuelle attestar.

Inkluderande arbeidsliv og mangfald
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi innkalle minst ein søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling).
Vi oppmodar søkjarar til å krysse av i jobbportalen dersom dei har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkrysningane i jobbsøkjarportalen skaper grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine. 
Arbeidsforholda vil bli lagde til rette for medarbeidarar med nedsett funksjonsevne.

Offentleg søkjarliste
Etter søknadsfristen vil det bli utarbeidt offentleg søkjarliste. I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysingar om søkjaren kan bli offentleggjord sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Vedkomande vil i tilfelle bli varsla.

Bakgrunnssjekk
Patentstyret gjer bakgrunnssjekk av aktuelle søkjarar for å verifisere opplysingar som kjem fram av CV og tilgjengeleg dokumentasjon. Verifisering av bakgrunnssjekk blir gjennomførd av Semac. Vi gjer ikkje bakgrunnssjekk utan samtykke frå søkjaren, og aktuelle kandidatar vil motta nærmare informasjon om dette.    
 

Om arbeidsgiveren

Patentstyret er eit nasjonalt kompetansesenter for immaterielle rettar. Vi er direkte underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.



Patentstyret hjelper næringslivet med å sikre verdiane som blir skapte gjennom nye produkt, innovasjon, forsking og utvikling. Vi behandlar søknader og tilbyr tenester i tilknyting til patent-, varemerke- og designrettar. Vi deltek i regionalt og internasjonalt samarbeid på immaterialrettsområdet, for å utvikle internasjonalt regelverk i tråd med norske interesser. Arbeidet vårt skal bidra til å betre konkurranseposisjonen til norske bedrifter og skape økonomisk vekst i det norske samfunnet. Vi er ca 250 medarbeidarar og held til i moderne lokale sentralt i Oslo.

Sektor
Offentlig
Sted
Sandakerveien 64, 0484 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Koordinering

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Kaja Sommer Midttun
Stillingstittel
Fungerende seksjonssjef
Telefon
22 38 73 82
Følg firma
224 følger dette firmaet

Sandakerveien 64, 0484 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 236187339
Sist endret 22. okt. 2021 13:45

Rapporter annonse