Utløpt

Ønskjer du å vere med og styrke det kommunale lågterskeltilbodet til born og unge etter koronapandemien?

Arbeidsgiver
Psykisk helse og rus - kommunapsykologane
Stillingstittel
Miljøterapeut - 100 % prosjektstilling
Frist
08.11.2021
Ansettelsesform
Prosjekt
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Kommunepsykologtenesta i Alver tilbyr psykisk helsehjelp til barn, unge og vaksne. 

Stillinga er ei mellombels styrking av eksisterande kommunale lågterskeltilbod til born og unge som følgje av koronapandemien. Den skal bidra til å utvide tilboda til mågruppa og er organisert som engasjement i 1 år frå oppstart. Det vert arbeid på dagtid, men noko kveldsarbeid må påreknast.

Arbeidet vil vere spesielt retta mot oppfølging av barn og unge som har fått auka utfordringar som følgje av pandemien og tiltaka som har vore igangsett. stillinga er slik tenkt å styrke vårt pågåande arbeid for gode oppvekstvilkår for barn og unge i kommune.

Mellom anna ønskjer vi at DU kan bidra i drift av kurs og gruppetilbod, tilby støttesamtalar og vere ein ressursperson for familiar som har fått ekstra utfordringar i tida vi har vore gjennom.

Om Kommunepsykologtenesta

Kommunepsykologtenesta er lokalisert i vårt nye helsehus i Knarvik og deler slik adresse med fleire andre kommunale tenester og spesialisthelseteneste innan psykisk helsevern. Vi samarbeidar tett med helsesjukepleiarar og det vil vere naturleg at du som vår ny kollega vert ein viktig aktør i dette samarbeidet.

Arbeidsoppgåver

Som del av tilbodet til barn og unge i kommunen vil du samarbeide tett med kommunepsykologane og med andre faggrupper i drift av kurs og gruppetilbod. D vil og vere del av tilbodet om individuell oppfølgng og kunne bidra i undervisning og opplæring av andre innanfor psykisk helse. I kommunen har vi og helsestasjon for ungdom med utvida opningstidar og vi ser føre oss at du og kan bidra inn her. 

Kvalifikasjonar

  • 3-årig høgskuleutdanning innan helse- og sosial, eller med pedagogisk bakgrunn
  • Førarkort klasse B
  • Erfaring innan vårt fokusområde - psykisk helse for barn og unge

Du likar utfordringar og tar initiativ til å arbeide for forbetringar og gode løysingar. Sentralt er og evne til å bygge gode relasjonar til barn, unge og foreldre og kollegaer. Det vert lagt særskild vekt på personlege eigenskapar til stillinga. Det er ønskjeleg at du sporadisk kan disponere bil. 

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande tariffavtale
Pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og personellova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00. Rekrutterarar ber aldri om BankID i samband med rekrutteringsprosessen. Som jobbsøkjar må du aldri avgje sånn informasjon i samband med søknadsprosessen. Om du opplever dette, ber vi deg ta kontakt.  

Om arbeidsgiveren

Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov.
Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding. Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.

Sektor
Offentlig
Sted
5914 Isdalstø
Bransje
Helse og omsorg,
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut,
Sykepleier / Psykiatri,
Sosionom

Nøkkelord

sykepleier, vernepleier, miljøterapeut, pedagog, sosionom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
John Petter Wadseth
Telefon
94 51 18 54
Følg firma
415 følger dette firmaet

5914 Isdalstø

Annonseinformasjon

FINN-kode 236157940
Sist endret 22. okt. 2021 09:28

Rapporter annonse