Sjukepleiar
- Arbeidsgiver
- Helse Møre og Romsdal HF
- Stillingstittel
- Sykepleier
- Frist
- 12.11.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Er DU vår nye kollega?
Ved Medisinsk sengepost A har vi 3 ledige stillingar for sjukepleiarar:
100 % fast stilling.
80 % fast stilling.
60 % fast stilling f.t arbeid på natt.
Ved interne omrokkeringar kan andre stillingar bli ledige.
Ver venleg å oppgi i søknaden kva for ei stilling du søkjer på!
Medisinsk sengepost A inneheld lungemedisinsk, gastroenterologisk og hematologisk seksjon. Som sjukepleiar hos oss blir du ein del av ei positiv og fagleg engasjert sjukepleiargruppe.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til akutt og kronisk sjuke pasientar
- Sjukepleieadministrative oppgåver
- Legemiddelhåndtering
- Sjukepleieprosedyrer
- Kontinuerleg forbedringsarbeid
- Rettleiing av studentar og kollegaer
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Gode kunnskaper i norsk muntleg og skriftleg
- Relevant erfaring vil bi vektlagt
Personlege eigenskapar
- Er positiv og har gode samarbeidsevner
- Arbeide både sjølvstendig og i team
- Motivert til å utføre varierte arbeidsoppgåver
- Fagleg engasjert
- Ansvarsbevisst
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Eit godt og positivt arbeidsmiljø
- Dyktige og engasjerte medarbeidarar
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Faglege utfordringar
- Fagutvikling og kompetanseheving
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Om arbeidsgiveren
Helse Møre og Romsdal HF er eit helseføretak under Helse Midt-Norge RHF og har ansvaret for den offentlege spesialisthelsetenesta i Møre og Romsdal. Verksemda omfattar sjukehusa i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund samt fleire omliggande institusjonar. Helseføretaket har om lag 4200 årsverk fordelt på 6500 tilsette, og gir eit differensiert tilbod innan dei fleste fagfelta i somatikk og psykisk helsevern. Hovudoppgåvene våre er pasientbehandling, utdanning av helsepersonell, forsking og opplæring av pasientar og pårørande. Vår visjon er å vere "På lag med deg for helsa di." Vi ønskjer kvalifiserte søkarar uavhengig av etnisk bakgrunn, kjønn eller alder. For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, ber vi deg opplyse om dette i søknaden. Ved tilsetting i stillingar der det er krav om det, føreset vi at du leverer tilfredsstillende politiattest. Vi ønskjer ikkje kontakt med annonseseljarar. Les meir om oss på www.helse-mr.no
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Molde sjukehus, 6412 Molde
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier
Nøkkelord
Sykepleier, fast, stilling
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Mathilde Stranden
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 71 12 21 96
Molde sjukehus, 6412 Molde