Utløpt

Økonomicontrollar - Naudnett (traineeprogrammet i staten)

Arbeidsgiver
Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
Stillingstittel
Økonomicontrollar - Nødnett (traineeprogrammet i staten)
Frist
04.11.2021
Ansettelsesform
Engasjement

Denne stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten og er reservert personar med nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en, saman med høgare utdanning. Stillinga er eit 1-årig engasjement med moglegheit for forlenging eller fast tilsetjing.

DSB har ledig stilling som økonomicontrollar i Avdeling for naud- og beredskapskommunikasjon i Nydalen. Naudnett er eit svært viktig verktøy for beredskapen i Noreg med over 60 000 brukarar, deriblantalle naudetatane og ei rekkje frivillige organisasjonar. Her får du jobba i skjeringspunktet mellom det offentlege og det private, og du vil mellom anna ha tett kontakt med utanlandske leverandørar.    

Stillinga har desse oppgåvene

  • ha ansvar for fakturabehandling
  • ha ansvar for oppfølging av store økonomimodellar og kontakt med leverandørar
  • bidra i budsjett- og prognoseprosessar for avdelinga, som avviksanalyse og rapportering til hovudkontoret
  • ta hand om rolla som prosjektcontrollar i ulike interne prosjekt
  • utarbeide kost-/nytteanalysar for eksisterande og nye produkt
  • utvikle prismodellar for nye produkt
  • delta i forhandlingar med leverandørar om innkjøpsprisar
  • delta i månadsoppgjer

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • mastergrad innan økonomi. Bachelorgrad saman med relevant erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad. Utanlandsk utdanning skal vere godkjend av NOKUT
  • svært god excel-kompetanse
  • god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
Vi ønskjer at du har:
  • erfaring som controllar
  • erfaring frå telecombransjen
  • god forretningsforståing
  • kunnskap om økonomistyring i staten
  • erfaring med utvikling av prismodellar
  • god rekneskapsforståing
  • interesse for teknologi
Personlege eigenskapar:
  • analytisk
  • strukturert
  • god formidlingsevne
  • gode samarbeidsevner
  • initiativrik og sjølvgåande

Personlege eigenskapar

  • ein viktig jobb med eit samfunnsnyttig oppdrag
  • ein spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • hyggelege kollegaar og høve for å utvikle seg
  • fleksibel arbeidstid med fleksitid
  • kantine og høve for trening i arbeidstida
  • bedriftshelseteneste
  • gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
  • årsløn frå kr 543 500 til 594 300 (lønstrinn 60-65) som rådgjevar (stillingskode 1434), eller frå kr 594 300 til 715 900 (lønstrinn 65-75) som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) avhengig av kompetanse og erfaring. Av løna trekkast 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse

Om avdelinga, seksjonen og stillinga

Denne stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten, og for å bli vurdert for stillinga må du vere i målgruppa for traineeprogrammet, med høgare utdanning og enten nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en.  Du kan lese meir om traineeprogrammet her: https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/traineeprogrammet-i-staten. Søkarar må vere førebudde på å verifisere tilretteleggingsbehov knytte til nedsett funksjonsevne.

DSB eig og forvaltar Naudnett. Avdeling for naud- og beredskapskommunikasjon (NBK) i DSB har ansvar for Naudnett og er statens kompetansesenter for naud- og beredskapskommunikasjon. Naudnett er eigd av staten, og er eit landsdekkande mobilnett for naudetatar og aktørar med ansvar for beredskap. I framtida skal tenesta Naudnett leverast gjennom dei kommersielle mobilnetta. DSB har starta arbeidet med å finne ut korleis dette kan gjerast, og vi står framføre mange år med spanande utviklingsarbeid.

Stillinga er plassert i Seksjon for forretningsstyring som har 10 tilsette med høg kompetanse, hovudsakeleg innan økonomi og jus. Seksjonen har mellom anna ansvar for oppfølging av store leverandørkontraktar, med eit samla årleg budsjett på over 400 mill. kroner.

Vi ser etter deg som har eit ønske om å vere med på og vidareutvikle naud- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Som økonom i NBK vil du vere tett på den daglege drifta og du vil vere ein viktig bidragsytar og støttespelar for heile avdelinga. I denne stillinga må du like å handtere store mengder data og detaljar, for så å kunne oppsummere denne informasjonen til gode vedtaksgrunnlag.

Vi tilbyr

Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer.

Om arbeidsgiveren

DSB (Direktoratet for
samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i
samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og
bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering.
Hovudkontoret ligg i
Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650
tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no

Sektor
Offentlig
Sted
Nydalen allé 37a, 0484 Oslo
Bransje
Annet,
Økonomi og regnskap
Stillingsfunksjon
Annet,
Økonomi og regnskap / Controller,
Økonomi og regnskap

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eline Paxal
Stillingstittel
seksjonssjef
Telefon
91 83 00 94
Følg firma
1595 følger dette firmaet

Nydalen allé 37a, 0484 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 236087917
Sist endret 21. okt. 2021 14:36

Rapporter annonse