Økonomicontrollar - Naudnett
- Arbeidsgiver
- Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB)
- Stillingstittel
- Økonomicontrollar - Naudnett
- Frist
- 04.11.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Stillingane skal til saman dekke desse oppgåvene
- ha ansvar for fakturabehandling
- ha ansvar for oppfølging av store økonomimodellar og kontakt med leverandørar
- bidra i budsjett- og prognoseprosessar for avdelinga, som avviksanalyse og rapportering til hovudkontoret
- ta hand om rolla som prosjektcontrollar i ulike interne prosjekt
- utarbeide kost-/nytteanalysar for eksisterande og nye produkt
- utvikle prismodellar for nye produkt
- delta i forhandlingar med leverandørar om innkjøpsprisar
- delta i månadsoppgjer
Kvalifikasjonar
Du må ha:
- mastergrad innan økonomi. Bachelorgrad saman med relevant erfaring kan kompensere for kravet til mastergrad. Utanlandsk utdanning skal vere godkjend av NOKUT
- svært god excel-kompetanse
- god munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne på norsk og engelsk
- erfaring som controllar
- erfaring frå telecombransjen
- god forretningsforståing
- kunnskap om økonomistyring i staten
- erfaring med utvikling av prismodellar
- god rekneskapsforståing
- interesse for teknologi
- analytisk
- strukturert
- god formidlingsevne
- gode samarbeidsevner
- initiativrik og sjølvgåande
Den nye medarbeidaren vår får
- ein viktig jobb med eit samfunnsnyttig oppdrag
- ein spanande arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
- hyggelege kollegaar og høve for å utvikle seg
- fleksibel arbeidstid med fleksitid
- kantine og høve for trening i arbeidstida
- bedriftshelseteneste
- gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar i Statens pensjonskasse
- årsløn frå kr 543 500 til 594 300 (lønstrinn 60-65) som rådgjevar (stillingskode 1434), eller frå kr 594 300 til 715 900 (lønstrinn 65-75) som seniorrådgjevar (stillingskode 1364) avhengig av kompetanse og erfaring. Av løna trekkast 2 % lovfesta innskot til Statens pensjonskasse
Om avdelinga, seksjonen og stillinga
DSB eig og forvaltar Naudnett. Avdeling for naud- og beredskapskommunikasjon (NBK) i DSB har ansvar for Naudnett og er statens kompetansesenter for naud- og beredskapskommunikasjon. Naudnett er eigd av staten, og er eit landsdekkande mobilnett for naudetatar og aktørar med ansvar for beredskap. I framtida skal tenesta Naudnett leverast gjennom dei kommersielle mobilnetta. DSB har starta arbeidet med å finne ut korleis dette kan gjerast, og vi står framføre mange år med spanande utviklingsarbeid.
Stillinga er plassert i Seksjon for forretningsstyring som har 10 tilsette med høg kompetanse, hovudsakeleg innan økonomi og jus. Seksjonen har mellom anna ansvar for oppfølging av store leverandørkontraktar, med eit samla årleg budsjett på over 400 mill. kroner.
Vi ser etter deg som har eit ønske om å vere med på og vidareutvikle naud- og beredskapskommunikasjon i Noreg. Som økonom i NBK vil du vere tett på den daglege drifta og du vil vere ein viktig bidragsytar og støttespelar for heile avdelinga. I denne stillinga må du like å handtere store mengder data og detaljar, for så å kunne oppsummere denne informasjonen til gode vedtaksgrunnlag.
Om å jobbe i DSB
Risiko og sårbarheit i samfunnet er i stadig endring. Difor er DSB ein organisasjon i kontinuerleg utvikling. Vi treng medarbeidarar som er tillitskapande, kompetente og gode lagspelarar, og som aktivt bidreg til fornying og forbetring. Som tilsett i DSB er du med på å løyse eit viktig samfunnsoppdrag, saman med dyktige og dedikerte kollegaer. Vi ønskjer oss auka mangfald i organisasjonen, og vi er del av inkluderingsdugnaden. Vi håpar derfor at også kvalifiserte personar med hol i CV-en eller nedsett funksjonsevne vil søkje hos oss.Om arbeidsgiveren
DSB (Direktoratet for
samfunnstryggleik og beredskap) skal ha oversikt over risiko og sårbarheit i
samfunnet. Vi er pådrivarar i arbeidet med å førebyggje ulukker og kriser, og
bidreg til effektiv ulukkes- og krisehandtering. Hovudkontoret ligg i
Tønsberg, og vi har einingar over heile landet. Til saman er vi ca. 650
tilsette. DSB er underlagt Justis- og beredskapsdepartementet. Les meir på www.dsb.no
- Sektor
- Offentlig
- Antall stillinger
- 2
- Sted
- Nydalen allé 37a, 0484 Oslo
- Bransje
- Annet,
- Økonomi og regnskap
- Stillingsfunksjon
- Annet,
- Økonomi og regnskap / Controller,
- Økonomi og regnskap
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Eline Paxal
- Stillingstittel
- seksjonssjef
- Telefon
- 91 83 00 94
Nydalen allé 37a, 0484 Oslo