Psykiatrisk sjukepleiar/Sjukepleiar/ Helsefagarbeidar
- Arbeidsgiver
- Helse Førde
- Stillingstittel
- Psykiatrisk sjukepleiar/Sjukepleiar/helsefagarbeidar
- Frist
- 07.11.2021
- Ansettelsesform
- Fast
Akutt Døgn Førde har ledig helgestillingar.
Akutt døgn i Førde har 15 plassar og har sentralsjukehusfunksjonen for Helse Førde. Vi har akuttansvar i psykisk helsevern, og tek imot pasientar heile døgnet. Akutt døgn er ein lukka post som tilbyr behandling til pasientar frå heile fylket. Vi tek imot pasientar til både frivilleg behandling og behandling under tvang. Mars i år flyttar vi inn i nytt psykiatribygg ved sentralsjukehuset.
Du vil ha seksjonsleiar som næraste leiar
Arbeidsoppgåver
- Arbeid på sengepost og tverrfagleg samarbeid
- Vere aktiv deltakar i kontinuerleg fagutvikling i seksjonen
- Gi psykiatrisk pleie og omsorg
- Inngå i eit tverrfagleg samarbeid for å gje pasientar best mogleg behandling på avdelinga
- Ta del i den til ei kvar tid oppgåver som ligg til seksjonen
- Andre oppgåver etter avtale med leiar
Kvalifikasjonar
- Utdanning som sjukepleiar/sjukepleiar med vidareutdanning i psykiatri/psykisk helsearbeid/ Helsefagarbeidar
- Erfaring frå sengepost og frå fagfeltet
- Andre aktuelle søkjarar utan realkompetanse kan vurderast
- Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du er profesjonell, imøtekommande og syner respekt for pasientar og pårørande
- Du har god fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Du tar personleg ansvar for at oppgåver blir gjort, tilbyr gjerne hjelp og deler raust med kompetansen din
- Du held deg roleg, objektiv og kontrollert og arbeider stabilt under press
Personleg eignaheit vert vektlagt
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Rettleiing
Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Om arbeidsgiveren
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 000 tilsette og eit budsjett på over 3 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønskjer å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
- Sektor
- Offentlig
- Sted
- Førde sentralsjukehus, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
- Bransje
- Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon
- Sykepleier,
- Sykepleier / Psykiatri,
- Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
psykiatri, helg, helgestilling, Helse, Førde
Spørsmål om stillingen
- Kontaktperson
- Sveinung Ørstavik
- Stillingstittel
- Sjukepleiar 1
- Telefon
- 57 83 94 70
- Kontaktperson
- Roger Lundekvam
- Stillingstittel
- Seksjonsleiar
- Telefon
- 57 83 94 88
Førde sentralsjukehus, Svanehaugvegen 2, 6812 Førde