Utløpt

Prosjektleiar - gateopprusting

Arbeidsgiver
Bergen kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar - gateopprustning
Frist
07.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bergen Kommune

Ynskjer du ein unik sjanse til å påverke utforminga av Bergen?

Bymiljøetaten bygger og held ved like offentlege areal og anlegg i byen vår. Vi har ansvar for eit breitt og variert spekter av oppgåver som gjer at Bergen lever kvar dag – og om 100 år! 

Vi søkjer no etter prosjektleiar til fast stilling hos Bymiljøetaten, i seksjon Mobilitet.

Seksjonen er ein del av Gjennomføringsavdelinga i etaten, som har ansvar for planlegging og bygging av viktige investeringsprosjekt i Bergen. I dag arbeider vi mellom anna med bystranda ved Store Lungegårdsvann, Mindemyren, den grøne aksen i sentrum, små og store gang- og sykkelprosjekt, og mykje meir. Gjennomføringsavdelinga har 35 tilsette, med brei kompetanse og fagleg høgt nivå.

Den vi ser etter skal i første omgang ha ansvar for gateopprustingsprosjekt. Dette er investeringsprosjekt som i dag fell innanfor satsinga bilfri bydel , og som kombinerer tilrettelegging for auka byliv med satsing på gange, sykkel og bêrekraftig mobilitet. For prosjektet bilfri bydel Nygårdshøyden er det i forslaget til Handlings- og økonomiplan for 2022-2025 sett av totalt 65 millionar kroner. I prosjektet er det lagt opp til bygging av fleire nye gatetun med byromskvalitetar for opphald og leik, planting av nye bytre og regnbed, tilrettelegging for personar med funksjonsnedsetting, gange og sykkel, og ikkje minst nyskapande strukturar for handtering av overvatn i gatene. Prosjektleiinga inneber kompleks samhandling på tvers av fag og etatar i Bergen kommune, samt koordinering med BIR Nett og kabeletatar gjennom Graveklubben.

Kvalifiserte søkarar kan òg vera aktuelle for andre stillingar i Bymiljøetaten.

Arbeidsoppgaver

  • Prosjektutvikling og prosjektgjennomføring
  • Koordinering av ulike partar og interesser
  • Drive medverknadsprosessar
  • Bidra aktivt i utviklingsarbeid og samhandling i avdelinga

Kvalifikasjoner

  • Mastergrad i landskapsarkitektur, arkitetur eller tilsvarande innan ingeniørfag
  • Arbeidserfaring med relevante prosjekt for stillinga
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Personlige egenskaper

  • Ambisiøs og sjølvstendig
  • God å kommunisera
  • Evner til samarbeid på tvers av fag og interesser

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spanande arbeidsoppgaver i eit engasjert og dyktig fagmiljø
  • Fleksibel arbeidstid og moderne, aktivitetsbaserte lokaler
  • Gode pensjons- og forsikringsordninger
  • Løn etter avtale 

Om arbeidsgiveren

Bergen kommune søker motiverte medarbeidere som er kompetente, åpne, pålitelige og samfunnsengasjerte. Kvalitet i tjenestene skapes gjennom godt arbeidsmiljø og mangfold blant ansatte.

Sektor
Offentlig
Sted
Johannes Bruns gate 12, 5008 Bergen
Bransje
Offentlig administrasjon,
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg
Stillingsfunksjon
Arkitekt og planlegging / Landskapsarkitekt,
Ingeniør / Samferdselsteknikk og arealplanlegging,
Prosjektledelse

Nøkkelord

Prosjekt, bærekraft, mobilitet, utvikling, byrom

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Per Aas Moen
Stillingstittel
seksjonsleiar
Telefon
99 29 37 77
Følg firma
5721 følger dette firmaet

Johannes Bruns gate 12, 5008 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 235977132
Sist endret 25. okt. 2021 14:08

Rapporter annonse