Utløpt

Har du engasjement for eldreomsorg? Vi tilbyr kr 50.000,- ved tiltrede!

Arbeidsgiver
Heimeteneste
Stillingstittel
Sjukepleiar - 2x100 % fast
Frist
01.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med ALVER KOMMUNE

Kort om stillinga

Vi har ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar i todelt turnus med arbeid kvar 3. helg. Du kan vel å binde deg i 2 år mot eit tillegg på kr. 50.000,- utbetalt ved tiltrede. 

Om Ostereidet heimeteneste

Avdeling Ostereidet har base på Ostereidet og gjev tenester til brukarar i "Indre Osterfjorden", både i heimen og på Ostertun som er omsorgsbustad pluss. 

Arbeidsoppgåver

Heimetenesta gjev tenester til brukarar som bur i eigen heim og i omsorgbustad pluss. Kvardagen hos oss er variert, med stor grad av sjølvstende og fagleg utvikling. Heimetenesta samarbeider tett med ulike fagmiljø og legg vekt på tverrfagleg samarbeid. Siste åra har det vore ei stor satsing på velferdsteknologi og kvardagsmeistring. Det er krav at utførte tenester vert dokumenterte i Profil. 

Kompetanse

Krav til kompetanse

  • Autorisert sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein person som:

  • trivst med å arbeide sjølvstendig
  • har evne og vilje til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
  • er løysningsorientert og fleksibel
  • er lojal, fagleg sterk og trygg i yrkesutøvinga
  • har ønskje om å bruke faget til det beste for brukarane våre

Vi tilbyr

  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Fagleg utvikling
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Pensjonsordning

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Slik søker du

Trykk knappen "send søknad". Dess meir du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, kontakt innbyggjarservice på 56 37 50 00.

Om arbeidsgiveren

"Heimetenesta til å stola på, ein arbeidsplass å vera stolt av".
Som medarbeidar hjå oss er du ein verdfull tilsett. Vi vonar du vil setja preg på, og vera med å utvikla tenestene til beste for brukarane. Eininga har avdelingar som er inndelte geografisk; Ostereidet, Knarvik sørvest, Knarvik nordaust, Lindås, Alversund /Seim, Frekhaug og Manger, i tillegg til Dagsenteravdeling. Avdelingane samarbeider tett.

Sektor
Offentlig
Sted
5993 Ostereidet
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Eldreomsorg,
Helsepersonell

Nøkkelord

sjukepleiar, eldreomsorg, heimeteneste, omsorgsbolig, omsorgsbustad

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Nina Berntsen Alver
Telefon
56 37 56 22
Følg firma
413 følger dette firmaet

5993 Ostereidet

Annonseinformasjon

FINN-kode 235939674
Sist endret 21. okt. 2021 09:03

Rapporter annonse