Utløpt

Vi søkjer medarbeider med brukererfaring til fast stilling

Arbeidsgiver
Bjørnafjorden kommune Psykisk helse og rustenester
Stillingstittel
Erfaringskonsulent
Frist
03.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Bjørnafjorden kommune

Bjørnafjorden kommune samarbeidar med Bergen kommune og Solli DPS om drift av FACT-team. Teamet har vore operativt sidan hausten 2018. Solli DPS har sitt opptaksområde frå kommunane Bjørnafjorden, Samnanger, Austevoll og Fana bydel i Bergen. I teamet er det ledig 50% stilling for Medarbeidar med Brukarerfaring/Erfaringskonsulent. Alle medarbeidarar i teamet er lokalisert på Solli DPS.  

50 % fast stilling som erfaringskonsulent er ledig frå 15.12.2021  

FACT-teamet (Flexible Assertive Community Treatment) er eit aktivt oppsøkjande team som arbeider med personar som har ein alvorleg psykisk liding og/eller rusproblem med samansette og langvarige hjelpebehov.  

FACT-modellen krev eit høgt kvalifisert team som kan dra nytte av kvarandre sine erfaringer og arbeida tett og aktivt saman. Teamet er tverrfagleg samansett, har ein teambasert tilnærming og leverer både kommunale tenester og spesialisthelsetenester. Teamet gjev alle typer tenester som brukaren har behov for, m.a. integrert behandling av rus og psykiske lidingar, tett individuell oppfølging retta inn mot familie, fritid og bustad.  

Arbeidet er recovery-orientert. I dette inngår også fokus på arbeid, opplæring og rettleiing. Teamet skal gje tenester uavhengig av dei tradisjonelle skiljeliner mellom 1. og 2.linetenesta. Kvelds- og helgearbeid må påreknast.

Arbeidsstad
Du vert tilsett i eining Psykisk helse- og rusteneste, ved Avd. Psykisk helse.

Arbeidsoppgåver

  • Delta i eit ambulerande tverrfagleg behandlingsteam
  • Oppsøkjande pasientkontakt
  • Oppfølging etter FACT-modellen
  • Rettleiing til brukarar for å fremja meistring og styrka sjølvtillit
  • Delta i fagleg utviklingsarbeid
  • Formidla håp

Kvalifikasjonar

  • Ønskeleg med fullført MB program/utdanning
  • Ha eit avklart tilhøve til eigen liding                                                       
  • Kunne nytte eigne erfaringer
  • Arbeida systematisk og langsiktig
  • Relevant erfaring frå arbeid med menneske med psykiske lidingar og/eller rusproblem
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • Ha førarkort for personbil (klasse B)
  • Krav om politiattest 

Utanlandsk utdanning må vere NOKUT godkjent.

Eigenskapar

  • Resultatorientert og strukturert
  • Gode kommunikasjonsevner og relasjonskompetanse
  • Interesse og engasjement for fagfeltet
  • Vera ein god teammedarbeidar, men og kunne arbeida sjølstendig
  • Fleksibel og løysingsorientert tilnærming til utfordringane i arbeidet

Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar.

Vi tilbyr

  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Løn etter gjeldande avtalar
  • Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen

Her kan du lese meir om pensjonsordninga i KLP Offentlig tjenestepensjon kort fortalt - KLP.no. 

For undervisningsstillinger kan du lese meir om pensjonsordninga hos Statens Pensjonskasse; Forside SPK.no - Statens pensjonskasse

Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.

Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.

 

Om arbeidsgiveren

Bjørnafjorden kommune blei til 1. januar 2020 etter samanslåinga av kommunane Os og Fusa. Bjørnafjorden har i underkant av 25 000 innbyggarar, og rundt 1800 tilsette. Organisasjonen står framom store endringar og er avhengig av medverknad frå alle tilsette.
Vi oppmodar til involvering gjennom prosjektarbeid, idédugnader og samarbeid tilpassa den enkelte sitt arbeidsmiljø og arbeidskvardag.
Bjørnafjorden kommune skal vere eit raust og attraktivt lokalsamfunn med evne og vilje til nyskaping. For å nå dette målet, samstundes som vi omstiller oss, treng vi tilsette som lyttar med respekt, finn smarte løysingar, er inkluderande og som gjer det dei seier. Vil du vere med på laget?

Sektor
Offentlig
Sted
5200 Os
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Konsulent,
Omsorg og sosialt arbeid

Nøkkelord

erfaringskonsulent, FACT, behandling, psykisk, rus

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Eva-Mari Solberg
Telefon
98 23 44 95
Kontaktperson
Olaug Sælen Steen
Telefon
98 06 75 14
Følg firma
483 følger dette firmaet

5200 Os

Annonseinformasjon

FINN-kode 235878323
Sist endret 20. okt. 2021 18:50

Rapporter annonse