Utløpt

Systemforvalter/IKT-konsulent

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
Systemforvalter
Frist
01.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Vest IKT AS

Bak alle dei lysande skjermane og store, viktige systema som hjelper til å halde sjukehusdrifta i gang står Helse Vest IKT. Vi forvaltar både dei kliniske og administrative systemløysingane for alle sjukehusa og andre helseføretak i Helse Vest. Vi er ei av dei største IT-verksemdene i Vest, og fokuset vårt er alltid Pasienten.

I katalogen vår har vi alt frå komplekse regionale system, til mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er særs kritiske i pasientbehandlinga, og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet. Vi står midt mellom dei som lagar programvara, og dei som skal bruke den - vi er bindeleddet. Det er difor viktig at våre forvaltarar både forstår og evnar å snakka sjukehus-språk på kundesida, og teknikar-språk med våre leverandørar. 

Avdeling Tjenesteutvikling har forvaltingsansvar for dei fleste systema våre. Dette inkluderer mellom anna endringshandsaming, planlegging og gjennomføring av oppgraderingar, system- og prosessforbetring, tett dialog med leverandørane våre, og 3. linje sakshandsaming.
Me har no ledig fast stilling i Team kliniske støttesystem. Team kliniske støttesystem jobbar med fleire ulike system innanfor ulike medisinske fagområde, men felles for dei fleste systema er at dei vert brukt i behandling av pasientar.

Helse Vest IKT har kontor i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Vi er open for å avtale arbeidsstad.

Arbeidsoppgåver

  • Forvalting og vidareutvikling av ulike system brukt i pasientbehandling
  • Konfigurasjon og oppsett i enkelte av systema
  • Vera tolk og bindeledd mellom leverandør og kunde (sjukehus)
  • Ha 3. linje-rolla, vera siste støtteinstansen før saka går over til leverandør
  • Produsera kunnskapsprosedyrar og annan dokumentasjon
  • Både forstå systemet og funksjonaliteten samt behovet til kunden
  • Sakshandsaming, både brukarstøtte, feilsituasjoner og leveranser
  • Fungera som knutepunktet mellom oss, leverandørar og andre eksterne og helseføretaka.
  • Organisera og delta i testing i samband med nye utrullingar, oppgraderingar og feilrettingar 

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning med fordjuping innan IKT og/eller helsefagleg utdanning med teknisk fordjuping
  • Erfaring med forvalting av IKT-system og -løysingar vil vera ein fordel men er ikkje eit krav
  • Kjennskap til prosessar i sjukehusa vil vera ein fordel men er ikkje eit krav
  • Erfaring frå prosjektarbeid er ein fordel
  • Må kunna kommunisera skriftleg og munnleg på norsk og engelsk

Personlege eigenskapar

  • Gode relasjonelle ferdigheiter - du ser alle sine behov og klarer å formidla det som skal til
  • Tverrfaglegheit - du likar å tileigne deg ny kunnskap og ta tak der det trengst
  • Tydeleg - du har ikkje telefonskrekk, frykt for å ta ordet, eller vera ærleg om det som manglar
  • Overblikk for detaljar - du er løysingsorientert og feilsøkande, men har evna til å løfta blikket og sjå heilskapen
  • Smittsam personlegdom - i ein pressa situasjon klarer du å få fram det positive, og få frustrasjon til å verte løysingsjakt
  • Deling av kunnskap – du ser verdien av å dela kunnskap med dine kollegaer, kunder og andre samarbeidspartnarar
  • Nysgjerrig – det fell naturleg for deg og du tør å spørja for å betre forstå
  • Initiativ – du ser behovet for og evner å ta ansvar og styring når situasjonen krever det
  • Teknisk forståing – du er både interessert i å finne ut av og evner å forstå korleis ting heng saman
  • Interesse for vidareutvikling og forbetring av løysingar – du må brenna for å gjera ting betre
 

Vi tilbyr

  • Ein trygg arbeidsstad med gode pensjonsordningar
  • Ordinær arbeidsdag er 7,5 timar, inkludert lunsj
  • Gode utviklingsmogelegheiter, både kompetansemessig og karrieremessig
  • Inkluderande, kunnskapsrike kollegaer som alle jobbar for det felles beste
  • Fleksibel og moderne arbeidstidsordning
  • Moderne maskinvare og utstyr

Er du usikker på om du har alle kvalitetane vi ser etter, vil me gjerne vera dei som avgjer det - send oss søknaden din uansett!

 

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 650 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor
Offentlig
Sted
5052 Bergen
Flere arbeidssteder
  • 6800 Førde
  • 5527 Haugesund
  • 4068 Stavanger
Bransje
IT,
IT - programvare,
IT - maskinvare
Stillingsfunksjon
IT drift og vedlikehold / Drift/Operations,
IT drift og vedlikehold / IT-support

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Margunn Pile Torpe
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
95 82 99 64
Følg firma
828 følger dette firmaet

5052 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 235377626
Sist endret 26. okt. 2021 09:52

Rapporter annonse