Utløpt

Vi søkjer dyktig tømrar!

Arbeidsgiver
Jølster Bygg og Interiør AS
Stillingstittel
Tømrar
Frist
07.11.2021
Ansettelsesform
Fast
I over 40 år har Jølster Bygg og Interiør bygd hytter på vestlandet.
Vår erfaring og kunnskap, kombinert med nøye utvalde samarbeidspartnarar og kjende underleverandørar, gjer at kundane våre kan vere trygge på at rett produkt- og framgangsmåte vert nytta i det klimaet kunden ønskjer å bygge hytte.

Kanskje viser det seg at standardiserte løysingar ikkje held mål for å skape den løysinga kunden vil ha. Vi tilpassar difor kvart prosjekt i detalj.
Vårt ansvar som forvaltar av "hyttedraumen" for våre kundar er eit ansvar vi tek på alvor, og som vi alltid siktar på å oppfylle!

"Da ska gjerast skikkeleg"
For at ei hytte skal vare og varme i fleire generasjonar, må den vere tilpassa det vestlandske klimaet. Vi ser etter deg som deler vår grunnverdi om å levere kvalitet i alle ledd, og er lidenskapeleg opptatt av godt handverk.


Ein arbeidskvardag hjå Jølster Bygg og Interiør:
Som tømrar i Jølster Bygg og Interiør skal du legge til rette for-, og utføre oppdraga våre på ein god og effektiv måte. Du har god struktur i arbeidet ditt, og orden både på verktøy og anna utstyr.
Vi set alltid kunden i fokus - og vi skal vere til å stole på!

  • Halde orden i prosjekta, verktøy og utstyr
  • Vere bedrifta sin representant på ein positiv og seriøs måte
  • Passe på at utstyr og materiale er på plass til rett tid
  • Ta imot og gje beskjed vidare om ekstrabestillingar frå kunde
  • Føre oversikt over timeforbruk for eige arbeid
  • Følgje rutinar og retningslinjer som står i personalhandboka
  • Følgje sjekklister etter bedrifta sine HMS og Kvalitetssystem
  • Pliktig til å rapportere avvik og andre forhold til fagleg leiar
 
DIN PROFIL
  • Faglig tyngde: Relevant utdanning og brei arbeidserfaring innan bygg og anlegg
  • Kvalitet: Du tek HMS og kvalitetsarbeid på alvor
  • Lærevillig: Du følger utviklinga, held deg oppdatert i faget og har lett for å lære deg nye digitale ressursar
  • Personlige egenskaper: Du er kundeorientert med ei god forretningsforståing. Du er resultatorientert med gode evner til å planlegge, og du er ein tydeleg og god kommunikator
  • Språk: Gode språkferdigheiter i norsk, så vel skriftleg som muntleg

Kva kan vi tilby deg? 
  • Ein spennande og variert arbeidskvardag i eit godt forankra fagmiljø
  • Veiledning og kompetanseheving
  • Konkurransedyktige betingelsar og arbeidsordningar
  • Konkurransedyktige vilkår knytt til forsikring- og pensjonsordningar

Jølster Bygg og Interiør skal vere leiiande leverandør av hytter tilpassa naturen på Vestlandet. Gjennom lokal tilknytning til regionen, solid fagkunnskap og fleksible løysingar skal vi levere hytta kunden vil ha.


 

Om dette høyrast interessant håpar vi at du vil søkje på stillinga.
Informasjon vedrørande søknaden vert handsama konfidensielt, også overfor vår oppdragsgjevar dersom dette er eit ønskje. 

Aktuelle kandidatar vert kontakta for intervju fortløpande.

Ved spørsmål om stillinga kan ein kontakte rekrutterar Daniel Dvergsdal på tlf: 400 21 564, eller E-post: daniel.dvergsdal@randstad.no.

Om arbeidsgiveren

Jølster Bygg og Interiør har levert hytter og møblar på Vestlandet i meir enn 40 år. Tidlegare bygde vi tradisjonelle hytter med utgangspunkt i byggeskikken på Vestlandet, men i dag leverer vi eit vidt spekter av hytter.

Ofte er hyttene teikna saman med kunden, enten fra kunden sine idèar eller med utgangspunkt i ei av dei ferdige hyttene våre. Elementa til hyttene produserer vi på fabrikken vår på Vassenden.

Av interiør leverer vi kjøkken, bad og møblar. Mesteparten av interiørproduksjonen skjer på fabrikken vår, men vi leverer også kjøkken og bad frå AUBO. Vi kan vise til spennande kommersielle kundar på interiør-sida av drifta vår. Her produserer vi på bestilling frå arkitektar, eller utformar produktet saman med kunden.

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Sted
Hjelmbrekkevegen 3, 6847 Vassenden
Bransje
Jordbruk og skogbruk,
Bygg og anlegg,
Håndverkstjenester
Stillingsfunksjon
Håndverker / Bygg/Anleggsleder,
Arkitekt og planlegging,
Håndverker

Nøkkelord

Snekker, Bygg og anlegg, Tømrer, Natur og fritid, Tradisjonshåndverk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Daniel Dvergsdal
Stillingstittel
Teamleiar
Telefon
40 02 15 64
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
3904 følger dette firmaet

Hjelmbrekkevegen 3, 6847 Vassenden

Annonseinformasjon

FINN-kode 235317773
Sist endret 14. okt. 2021 20:08

Rapporter annonse