Utløpt

Apotektekniker til produksjon og sjukehusekspedisjon

Arbeidsgiver
Sjukehusapoteka Vest
Stillingstittel
Apotektekniker til produksjon og sjukehusekspedisjon
Frist
31.10.2021
Ansettelsesform
Fast

SAV er i nasjonal teknologisk front i forhold til elektronisk bestilling, bruk av apotekstyrt legemiddellager og automatisering av lagerfunksjoner. Sjukehusapoteket i Haugesund leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til Helse Fonna frå både Produksjons- og Publikumsavdelinga, Sjukehusekspedisjonen og Avdeling for farmasøytiske tenester. 

Ved Sjukehusapoteket i Haugesund er vi totalt 32 ansatte, 15 farmasøytar og 17 apotekteknikarar. 
Vi søker nå etter ein dyktig apotekteknikar til stilling delt mellom produksjonsavdelinga og sjukehusekspedisjonen. Vår nye apotekteknikar vil jobbe både i sjukehusekspedisjonen med leveranser til blant anna sjukehusa og med produksjon av intravenøs næring, cytostatika, smerteblandingar og andre legemidler til sjukehusa og til heimebuande pasientar i Helse Fonna HF.

Arbeidsoppgåver

  • Klargjering og produksjon av intravenøs næring og legemidel
  • Reinhald av produksjonsrom og utstyr ved produksjon 
  • Ekspedering av kundar og servicesal
  • Informasjon, rettleiing og rådgiver til kundar
  • Varehandtering
  • Andre arbeidsoppgåver kan tilfalla ved behov ver kan tilfalle ved behov

Kvalifikasjonar

  • Du har autorisasjon som apotekteknikar
  • Du har gjerne relevant arbeidserfaring, men vi vil og treffe deg som er nyutdanna
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
  • Gode IKT-kunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Vi ser etter deg som trivast i ein hektisk kvardag, er nøyaktig og serviceinnstilt
  • Du er initiativrik og handlekraftig
  • Du jobber godt sjølvstendig, men trivast og i lag med dine kollegaer
  • Du er engasjert og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Lærevillig og fleksibel

Det vert gjort ein samla vurdering av eigenskapane til kandidaten, der personlege eigenskapar og motivasjon vert vekta høgt

Vi tilbyr

  • Stilling i eit stort og inspirerande farmasifagleg miljø med fokus på kvalitet og kompetanse
  • Utfordrande arbeidsoppgåver med høve til fagleg og personleg utvikling
  • Arbeidstid på dagtid, mandag til fredag
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinstkomst

Mangfoldserklæring

Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Sjukehusapoteka Vest (SAV) er eit helseføretak i Helse Vest med om lag 300 tilsette som leverer legemiddel, apotekvarer og farmasifaglege tenester til spesialisthelsetenesta på Vestlandet. Omsetning er på vel 1,2 milliardar kroner. Føretaket har administrasjon i Bergen, og driv sjukehusapotek i Førde, Bergen, Haugesund og Stavanger. Sjukehusapoteka Vest satsar på nye teknologiske løysingar og på tenester som bidreg til auka pasienttryggleik, betra kvalitet og meir effektive tenester i sjukehusa.


Sjukehusapoteka Vest HF skal så langt råd er avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 



Sjå nettsida vår for meir informasjon www.sjukehusapoteka-vest.no

Sektor
Offentlig
Sted
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Bransje
Farmasi og legemiddel,
Helse og omsorg

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lene Svanberg Jakobsen
Stillingstittel
Apoteker
Telefon
998 45 265
Følg firma
142 følger dette firmaet

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 235289462
Sist endret 14. okt. 2021 15:40

Rapporter annonse