Psykologspesialist/psykolog

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Psykologspesialist/psykolog
Frist
12.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Ved BUP Ytrebygda er det ledig 100 % fast stilling for psykologspesialist (eventuelt psykolog med relevant erfaring).

BUP Ytrebygda held til på Nesttun og gir tilbod til barn og unge med psykiske lidingar opp til 18 år, samt foreldra deira. Det er om lag 13 500 barn i opptaksområdet, som består av byområdet Ytrebygda i Bergen kommune, og Bjørnafjorden kommune. Poliklinikken har ca. 25 tilsette, med ulik kompetanse og erfaring.

BUP Ytrebygda og BUP Fana er samlokalisert og samarbeider om enkelte pasientgrupper og tilbod.

For stillinga er det krav om dokumentert autorisasjon som psykolog i Noreg, og særs god meistring av norsk, skriftleg og munnleg. Vedkomande som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredsstillande politiattest (vandel), jfr. Lov om Helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).

Arbeidsoppgåver

  • Utgreiing av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Individuelt tilpassa behandling (individuell behandling, familiebehandling, gruppebehandling)
  • Råd (konsultasjon) og rettleiing til skular, helsesjukepleiar, barnevernstenester og barnehagar
  • Samarbeid med kommunehelsetenesta og andre delar av spesialisthelsetenesta
  • Det blir forventa at psykologspesialistar gir rettleiing til psykologar under spesialisering

Kvalifikasjonar

  • Godkjend autorisasjon som psykolog i Noreg, fortrinnsvis NPF-godkjend spesialist i klinisk barne- og ungdomspsykologi
  • God erfaring med utgreiing og behandling av psykiske lidingar hos barn og ungdom
  • Erfaring med evidensbaserte behandlingsmetodar og familierettleiing
  • Erfaring med tverrfagleg og tverretatleg samarbeid
  • Erfaring med pasientadministrative verktøy (DIPS)
  • Erfaring frå arbeid i spesialisthelsetenesta for barn og ungdom vil bli vektlagd

Personlege eigenskapar

  • Empatisk og respektfull i møte med pasientar og pårørande
  • Høg fagleg og fagetisk medvit
  • Evne til å jobbe fleksibelt, sjølvstendig og strukturert
  • Gode samarbeidsevner og evne til å bidra til et positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å samarbeide om å nå seksjonens overordna målsetjingar
  • Ved tilsetting blir det lagt stor vekt på personlege eigenskapar

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Triveleg og stabilt arbeidsmiljø
  • Meiningsfulle og fagleg engasjerande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit til fagleg og personleg utvikling
  • Delvis fleksibel arbeidstid


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.  

Om arbeidsgiveren



Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Sted
Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Psykolog,
Helsepersonell

Nøkkelord

psykolog, psykologspesialist, BUP, barn, psykiatri

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Linda Knudsen Flygel
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
55 97 80 00
Følg firma
1336 følger dette firmaet

Østre Nesttunvegen 20, 5221 Nesttun

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 235281632
Sist endret 14. okt. 2021 14:33

Rapporter annonse