Utløpt

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø innan prosjektleiing av byggeprosjekt?

Arbeidsgiver
Møre og Romsdal fylkeskommune
Stillingstittel
Prosjektleiarar byggeprosjekt
Frist
31.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Møre og Romsdal fylkeskommune

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø innan prosjektleiing av byggeprosjekt og ønsker å bidra til utvikling i næringa kan du vere den rette personen for oss.

Vi søker etter tre resultatorienterte og initiativrike prosjektleiarar i 100 % fast stilling i prosjektseksjonen ved bygg- og eigedomsavdelinga.


Du får jobbe med

Som prosjektleiar hos oss får du ansvaret for planlegging og gjennomføring av ulike byggeprosjekt. Dette inneber ansvar for å levere prosjekt med rett kvalitet, til rett tid og innan løyvd kostnadsramme. Til arbeidet ligg utarbeiding av konkurransegrunnlag, oppfølging av kontrakt, økonomi, SHA og framdrift. Prosjektleiar har og ansvar for strategiplanar, politiske saker og rapporter knytt til det einskilde prosjekt.


Vi søker deg som

  • har relevant høgare utdanning, til dømes sivilingeniør. Lang relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning
  • har erfaring frå større byggeprosjekt som prosjektleiar, prosjekterande eller byggeleiar
  • arbeider systematisk og grundig
  • har gode samarbeidseigenskaper
  • har fleksibilitet og vilje til å stå på litt ekstra ved behov
  • liker å ta ansvar og jobbar sjølvstendig
  • er utviklingsorientert og tar initiativ til nye arbeidsmetodar og løysingar
  • har god erfaring med digitale verktøy
  • har god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk

Vi vil også legge vekt på om du har god kompetanse innan eitt eller fleire av desse områda:

  • VDC
  • kalkulasjon
  • BIM
  • HMS/SHA
  • ingeniør bygg/konstruksjon
  • framdriftsstyring/planlegging (ved bruk av digitale verktøy.


Vi tilbyr

  • ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
  • god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
  • offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
  • løn etter avtale


Om arbeidsplassen

Stillinga er plassert i sentraladministrasjonen ved stab for bygg- og eigedomstenester, for tida med arbeidsstad i Molde, Ålesund eller Kristiansund

Stab for bygg- og eigedomstenester i Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for forvaltning, drift, vedlikehald og utvikling av fylkeskommunen si eigedomsmasse. Eigedomsmassen består i hovudsak av vidaregåande skolar med eit samla bruttoareal på om lag 215.000 m2.


Om arbeidsgiveren

Bli med å utvikle regionen saman med oss! Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for vidaregåande opplæring, fagskoleutdanning, fylkesveg og kollektivtransport, tannhelsetenester, kulturtenester og samfunns- og næringsutvikling i heile fylket. Vi er ein av dei største arbeidsgivarane i regionen - hos oss får du utvikle deg sjølv og kompetansen din.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Julsundvegen 9, 6412 Molde
Flere arbeidssteder
  • 6509 Kristiansund N
  • 6008 Ålesund
Bransje
Arkitektur, areal og interiør,
Bygg og anlegg,
Eiendom
Stillingsfunksjon
Håndverker / Bygg/Anleggsleder,
Ingeniør,
Prosjektledelse

Nøkkelord

byggeleder, prosjekteringsledelse, byggeprosjekt, byggledelse, sivilingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Bjørn Erik Hjellset
Stillingstittel
Prosjektsjef
Telefon
71 28 01 26
Mobil
90 51 90 07
Kontaktperson
Per Olaf Skuseth Brækkan
Stillingstittel
Bygg- og eigedomssjef
Mobil
92 08 23 68
Følg firma
311 følger dette firmaet

Julsundvegen 9, 6412 Molde

Annonseinformasjon

FINN-kode 235245358
Sist endret 25. nov. 2021 13:27

Rapporter annonse