Utløpt

Kommunikasjonsrådgjevar

Arbeidsgiver
Røde Kors
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar
Frist
24.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Norges Røde Kors

Sogn og Fjordane Røde Kors har hatt 100 % kommunikasjonsressurs sidan 2009. I åra etterpå er det gjort mykje godt fagleg og operativt arbeid. Vi ynskjer å rekruttere ein eller ei som skal bidra til å vidareføre og utvikle det strategiske og operative aktivitetsnivået som er etablert for kommunikasjonsarbeidet i distriktet. 

Vi søker deg som brenn for humanitært arbeid, som gjennom din kreativitet og kommunikasjon kan bidra til å synleggjere Røde Kors sin innsats og dei humanitære behova vi jobbar for. Vi ser etter deg som er dyktig på å fortelje historiar gjennom tekst, foto og film, og evnar å tilpasse forteljingane til ulike målgrupper.  Du som er ein racer på sosiale medium og veit kva som skal til for å nå ut.  Vi søker deg som kan samarbeide godt og vere rådgjevar for dei frivillige i vår organisasjon som jobbar med synlegheit lokalt. Ja, vi søker deg som ser potensialet i Røde Kors og har auge for korleis vi kan klare å gjere innbyggarane betre kjend med oss og våre oppgåver.   

Arbeidsoppgaver

  • Synleggjere Røde Kors sin aktivitet gjennom å planlegge, produsere og publisere innhold i form av tekst, foto og film til nettsider, sosiale medier og publikasjonar. 
  • Redaktør for våre nettsider, med ansvar for innhald, publisering, analyse og oppfølging.   
  • Drifte våre SoMe-kanalar. 
  • Ansvar for mediehandtering. 
  • Ansvar for kommunikasjonsplan. 
  • Bistå med marknadsføring av humanitær aktivitet, interne og eksterne arrangement.  
  • Gje råd til andre i organisasjonen, særleg innan sosiale medier og talspersonrolla.  

Kvalifikasjoner

  • Høgare utdanning innan kommunikasjon, journalistikk, marknadsføring eller liknande. Lang og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • Du har gjerne jobba som kommunikasjonsrådgjevar, journalist, marknadsførar, påverkar eller liknande.  
  • Du er ein drivande god skriftleg historieforteljar – på nynorsk. 
  • Du har god forståing og profesjonell erfaring med digital kommunikasjon og SoMe.  
  • Du er ein dyktig fotograf og filmredigerer.  
  • Du har gode analytiske ferdigheiter, og nyttar verktøy som Google analytics eller andre webanalyse- og innsiktsverktøy for å styre kommunikasjonsarbeidet.   
  • Du har teft for godt mediestoff og evne til å utarbeide saker som er relevante for media.  
  • Du er van med å nytte relevante programvarer frå Adobe Creative Cloud. 

Personlige egenskaper

  • Nøyaktig og strukturert. 
  • Kan jobbe både planmessig og improvisere. 
  • Har gode samarbeidsevner og kan jobbe i team. 
  • Du likar å hjelpe andre til å lykkast 
  • Du har god samfunnsforståing 
  • Du er sjølvgåande  

For å lykkast i arbeidet er det nødvendig med god innsikt i organisasjonsarbeid, forståing for arbeidsforma i ein frivillig organisasjon og evne til å tilpasse seg denne. 

Vi tilbyr

  • Meiningsfylte og spanande arbeidsoppgåver i Norges største frivillige humanitære organisasjon.
  • Engasjerte kollegaer og bredt kontaktnett i ein mangfaldig organisasjon.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Arbeidstilhøvet vert regulert av dei/den til einkvar tid gjeldande tariffavtale(r) i verksemda, for tida: Hovudavtalen Tekna og Funksjonæravtalen Negotia.

Stillinga inneber noko reising. Den tilsette må ha førarkort og disponere bil, og må rekne med noko forskjøven arbeidstid, med kvelds- og helgearbeid.

Røde Kors er opptatt av mangfald. Vi oppfordrar alle som er kvalifiserte til å søke, uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om det er behov.

Om arbeidsgiveren

Røde Kors er verdas største frivillige, humanitære organisasjon. I Norge har Røde Kors over 44 000 frivillige i 380 lokalforeiningar over heile landet. Organisasjonen arbeider for å avdekke, hindre og lindre menneskeleg naud og liding både nasjonalt og internasjonalt. Som beredskapsorganisasjon og støtteaktør for styresmaktene arbeider Norges Røde Kors for å styrke samfunnet si beredskapsevne. Les meir: www.redcross.no

Sektor
Organisasjoner
Sted
6800 Førde
Bransje
Ideelle organisasjoner
Stillingsfunksjon
PR og informasjon,
Markedsfører

Nøkkelord

kommunikasjon,, marknadføring,, SoMe,, nynorsk,, historieforteljar

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Dag Hovland
Stillingstittel
Dagleg leiar Distrikt
Telefon
908 94 974
Følg firma
2981 følger dette firmaet

6800 Førde

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 235093477
Sist endret 12. okt. 2021 20:34

Rapporter annonse