Utløpt

IKT - konsulent

Arbeidsgiver
Helse Vest IKT
Stillingstittel
IKT - konsulent
Frist
31.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Helse Vest IKT forvaltar både kliniske og administrative systemløysingar for alle helseføretaka i Helse Vest. Dette inkluderer alt frå store komplekse regionale system til
mindre lokale system på dei enkelte sjukehusa. Mange av løysingane er svært kritiske i pasientbehandlinga og stiller strenge krav til oppetid og kvalitet.

Vi søkjer no etter medarbeidarar som trivst med forvaltningsarbeid, som kan håndtere ein portefølje med mange små og mellomstore systemer, og som trives i ein kvardag med mange varierte, utfordrande og spennande oppgaver.

Teamet du skal jobbe i har ansvar for bortimot tusen små eller mellomstore løysingar i Helse Vest, og du skal bidra til at desse systema blir forvalta på ein god måte. Du må derfor like å jobbe med høgt tempo, du må like sakshandsaming , du må like og vere vant til å jobbe etter dokumenterte prosesser og du må håndtere at kvar dag kan vere ulik. 

Arbeidstad: Bergen, Stavanger, Haugesund eller Førde

Arbeidsoppgåver

  • Kundehandsaming, kooordinering mot leverandør og koordinering internt i Helse Vest IKT
  • Sakshandsaming;
    • Installasjon, feilretting og vedlikehold av programvare.
    • Tilgangsbehandling, episodeløysing og sikkerhetsarbeid . 
  • Rådgjeving i systemløysingane, bidra i problemløysingsteam og vere pådrivar til forbetring og vidareutvikling
  • Dokumentasjon av systemløysingane som teamet har ansvar for
  • Ellers ta del i det som til einkvar tid ligg av oppgaver i teamet og seksjonen

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning med fordjuping innan IKT
  • Erfaring med forvaltning av system og elles god systemforståing
  • Kjennskap til drift og forvaltning av Windows-baserte system
  • Kjennskap til medisinsk-tekniske løysningar og helsesektoren tel positivt
  • Kjennskap til skyløysingar og mobile arbeidsflater kan også vere positivt

Personlege eigenskapar

  • Du arbeider målretta og toler å stå i krevjande situasjonar.
  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig og å ta ansvar, men kan samtidig bidra inn i teamarbeid
  • Du er strukturert, systematisk og har fokus på kvalitet
  • Du er vant til å håndtere mange samtidige aktiviteter og har evne til å prioritere ved høg aktivitet
  • Du kommuniserer og samarbeider godt med kollegaer og kundar
  • Du har interesse for problemløysing og feilsøking

Vi tilbyr

  • Medverke til å forme IKT-løysingar for eit helsevesen i framtida
  • Høgt tempo og mange spennande oppgaver både lokalt og regionalt
  • Gode kollegaer som samarbeider om å nå felles mål
  • Fleksibel arbeidstidsordning, inkludert fleksitid
  • Løn etter avtale
  • Medlemsskap i KLP som sikrar gode pensjonsordninger

Om arbeidsgiveren

Helse Vest IKT AS vart etablert i november 2004, og er eigd 100 prosent av det regionale helseføretaket - Helse Vest RHF. Selskapet leverer IKT-tenester til helseføretaka i Helse Vest RHF, samt til private, ideelle institusjonar. Helse Vest IKT har i dag ca 650 tilsette fordelt på kontor i Stavanger, Haugesund, Bergen og Førde. Vi deltek aktivt i nasjonalt arbeid innanfor IKT i helsesektoren. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor
Offentlig
Sted
5052 Bergen
Flere arbeidssteder
6800 Førde,
5527 Haugesund,
4068 Stavanger
Bransje
IT

Nøkkelord

IT,, forvalter,, konsulent

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Oddny Sønnesyn
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Telefon
948 64 942
Følg firma
580 følger dette firmaet

5052 Bergen

Stort kart Hybridkart Flyfoto

Annonseinformasjon

FINN-kode 234937384
Sist endret 11. okt. 2021 14:47

Rapporter annonse