Utløpt

Tannhelsesekretær - Fyresdal og Vinje tannklinikk

Arbeidsgiver
Vestfold og Telemark fylkeskommune
Stillingstittel
Tannhelsesekretær
Frist
31.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Likar du å jobbe med folk?

Me søker tannhelsesekretær til Vinje og Fyresdal tannklinikk

Me søker ein fagleg dyktig og engasjert tannhelsesekretær som ynskjer å bidra til å løyse tannhelsesektoren sitt samfunnsoppdrag, da det blir ledig ei 100% fast stilling som tannhelsesekretær ved Vinje og Fyresdal tannklinikk. Stillinga er normalt delt 50/50 mellom dei to klinikkane, men dette kan variere noko avhengig av bemanning og behov. Dersom det er ynskjeleg for søkarane kan me vurdere å splitte stillinga i to 50% stillingar: ei stilling primært tilhøyrande Fyresdal og ei stilling primært tilhøyrande Vinje tannklinikk. 

Me er opne for å tilpasse oppstartsdato, men stillinga er i utgangspunktet ledig frå 1.november.

Fylkeskommunen ynskjer medarbeidarar som gjenspeglar våre verdiar: kompetanse, samarbeid og openhet. Det vert vektlagt at du er personleg egna til stillinga og me søker deg som er profesjonell, inkluderande og modig. Du har digital kompetanse til å nytte fylkeskommunen sine IKT-løysingar og er motivert for å ta i bruk nye digitale løysingar.

Vinje tannklinikk ligg i Åmot sentrum, i same bygg som legekontor og sjukeheim. Klinikken har fem behandlingsrom. Det er for tida fire tannlegestillingar, ei tannpleiarstilling, ein resepsjonist og fire tannhelsesekretærar ved klinikken. Klinikken har eit godt arbeidsmiljø som legg vekt på kompetansedeling og læring. 

Fyresdal tannklinikk ligg i sentrum av Fyresdal kommune, ca 1 t og 15 min frå klinikken i Vinje. Dette er ein einmannsklinikk, med ein tannlege og ein sekretær. Ein har tett oppfølging og nært samarbeid med fagmiljøet i Vinje. Tannpleiar frå Vinje supplerar tannlegen i Fyresdal ved behov. Klinikken var heilt nyoppussa i 2018 og har moderne utstyr i innbydande lokaler. 

Søknadfrist: 31.10.21

Hovudarbeidsoppgåver og ansvarsområder

  • Assistere tannlegen, evnt tannpleiar i klinisk arbeid
  • Hygieneansvar
  • Administrative oppgåver knytt til pasientarbeid, drift og HMS
  • Betjening av resepsjon med administrative oppgåver knytt til denne (reknskap, varebestilling og andre administrative oppgåver) kan også vere aktuelt. 
  • Bidra positivt til arbeidsmiljøet

Endringar i ansvar og arbeidsoppgåver må kunne påreknas.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som tannhelsesekretær. Ufaglærte kandidatar kan også søke, men autoriserte kandidatar har eit fortrinn. Dersom ein ufaglært kandidat vert tilsett i stillinga vil det vere eit krav om å ta autorisasjon som tannhelsesekretær innan 3 år. 
  • Fordel med erfaring frå tilsvarande stilling, gjerne frå den offentlege tannhelsetenesta.
  • Førarkort er naudsynt då det er ca 1t 15 min køyring mellom klinikkane.
  • Digital kompetanse til å nytte fylkeskommunen sine IKT løysingar, ser mogleghetar i ny teknologi og er motivert til å ta i bruk nye løysingar

Personlege eigenskapar

  • Interesse og engasjement for tannhelsetenesta sitt samfunnsoppdrag
  • Gode kommunikasjonsevner og beherskar norsk godt både munnleg og skriftleg
  • Du er inkluderande og har gode samarbeidsevner
  • Du jobbar systematisk og strukturert
  • Du er serviceinnstilt og profesjonell

Å vere personleg egna til stillingen vektlegges. Fylkeskommunen skal vere ein omstillingsdyktig organisasjon, og arbeidsgjevar tek førehald om at sektortilhøyre, stilling, arbeidsstad og arbeidsoppgåver kan endras ved behov.

Me tilbyr

  • Spanande og varierte oppgåver
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter avtale
  • Pensjonsordning i KLP

Tilsetting og prøvetid 

Tilsetting skjer på grunnlag av dei til eikvar tid gjeldande lovar, tariffavtaler og reglement. Ved tilsetting av helsepersonell, krevas godkjend norsk autorisasjon. Det er vidare ei føresetnad at du kan framlegge godkjend politiattest (ikkje eldre enn tre månader). Som hovudregel praktiserar me prøvetid på 6 månadar fra oppstartsdato.

Søke stilling 

Søknad sendas via elektronisk søknadsskjema. Vitnemål og attestar takas med til eventuelt intervju. Me gjer merksame på at alle våre søkarar kjem på offentlg søkarliste jf Offentleglova § 25. Ynskje om fritak fra offentleggjering må du begrunne i søknaden. Dersom ditt ynskje ikkje vert innvilga, varsler me deg om dette. Fylkeskommunen er oppteken av at arbeidsstyrken i størst mogleg grad skal gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Me oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søke.

Om fylkeskommunen

Fylkeskommunen er politisk styrt med fylkesordførar som øvste politiske ledar. Fylkesrådmannen er øvste administrative ledar. Vestfold og Telemark fylkeskommune skal bidra til samfunnsutvikling og verdiskaping i regionen, og har ansvar for viktige oppgåver innan bla vidaregående opplæring, kultur, folkehelse, tannhelse, kollektivtrafikk, fylkesvegar, samfunnsutvikling, regional- og arealplanlegging. Me jobber tverrfagleg og set innbyggarane sine behov i sentrum. Til dette oppdraget søker me motiverte og endringsvillige medarbeidarar som er gode relasjonsbyggarar og utviklings- og løysingsorienterte lagspelarar.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Vinjevegen 212, 3890 Vinje
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Tannhelse

Nøkkelord

tannhelsesekretær, fast, offentlig, helse, serviceyrke

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Live Lid Breiland
Stillingstittel
Klinikkleder
Telefon
91 74 08 86
Følg firma
Bli den første til å følge firmaet!

Vinjevegen 212, 3890 Vinje

Annonseinformasjon

FINN-kode 234456394
Sist endret 7. okt. 2021 10:43

Rapporter annonse