Utløpt

Vil du leie ein framtidsretta kommune i rivande utvikling?

Arbeidsgiver
Sogndal kommune
Stillingstittel
Kommunedirektør
Frist
01.11.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Visindi AS

Sogndal kommune søkjer ein samlande kommunedirektør som vil vidareutvikle kommunen vår og bidra til felles struktur, kultur og stabilitet i organisasjonen. Kommunedirektøren skal vere med å setje Sogndal og Sogn på kartet i Vestland og nasjonalt. Leiaren vil utvikle og dra nytte av potensialet som ligg i rolla som regionsenter og samfunnsutviklar i Sogn, å vere destinasjonsmål for aktivitetsbasert reiseliv og kommunen sin varierte arbeidsmarknad og fagmiljø.

Kommunedirektøren vi søkjer er ein endringsleiar som skapar handlingsrom, og som byggjer organisasjonen ilag med gode medarbeidarar. Med strategisk økonomiforståing vil kommunedirektøren bidra til at Sogndal kommune har ei langsiktig, heilskapleg og trygg økonomiforvaltning.   

Vår kommunedirektør er samfunnsengasjert og utviklingsorientert. Det er naturlig for deg å byggje relasjonar og nettverk med nabokommunane, næringslivet og samarbeidspartar. Du viser veg for dei tilsette med ein samskapande, tillitsfull og motiverande leiarstil.  

Vi ynskjer oss deg med leiarerfaring frå offentleg, og gjerne privat, sektor. Leiaren vi ser etter har gjerne høgare relevant utdanning. Du bør ha erfaring frå kommunal forvaltning, og det er avgjerande med god forståing for forholdet og samspelet mellom politikk, tilsette og administrasjon. Særleg relevant erfaring og personlege eigenskapar vert vektlagt.

 
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med Visindi ved Lena Haveland på tlf. 482 60 796 eller Tonje Støver Knutsen på tlf. 477 10 611. Ordførar i Sogndal kommune Arnstein Menes kan og kontaktast på tlf. 416 72 733. All kontakt vil bli handsama konfidensielt, om ynskjeleg og overfor oppdragsgjevar i innleiande fase. Søknaden skal sendast snarast og seinast innan 01.11.21 via stillingar på Visindi.no. Søknader vil bli behandla fortløpande. Stillinga er omfatta av Offentleglova.

Om arbeidsgiveren

Sogndal kommune har 12 000 innbyggjarar, i tillegg til meir enn 3000 studentar, og ein variert arbeidsmarknad med sterke fagmiljø innan privat verksemd, offentleg forvaltning og utdanning. Kommunen har om lag 1250 medarbeidarar som kvar dag yter gode tenester i tråd med innbyggjarane og næringslivet sine behov. Sogndal er etablert som eit viktig destinasjonsmål for aktivitetsbasert reiseliv, og har mange tilflyttarar til fjell, fjord og bre. Kommunen skal vere ein framtidsretta og kunnskapsbasert samfunnsutviklar med fortrinn innan reiseliv, unike kompetansemiljø og innovasjon. Sogndal er ein unik kommune i Vestland, som i fylgje SSB vil ha ei demografisk utvikling som vil gje ein høg del unge innbyggjarar i 2040. Verdiane til Sogndal kommune er samskapande, open, god og nysgjerrig.

Nettverk
Facebook, LinkedIn
Sektor
Offentlig
Sted
Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ledelse,
Økonomi og regnskap

Nøkkelord

ledelse, kommunedirektør, utvikling, organisasjonsbygging, nettverk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Lena Haveland
Stillingstittel
Seniorrådgiver
Telefon
48 26 07 96
Nettverk
LinkedIn
Kontaktperson
Tonje Støver Knutsen
Stillingstittel
Rådgiver analyse og research
Telefon
47 71 06 11
Nettverk
LinkedIn
Følg firma
4505 følger dette firmaet

Skrivarvegen 7, 6863 Leikanger

Annonseinformasjon

FINN-kode 234382112
Sist endret 6. okt. 2021 15:07

Rapporter annonse