Utløpt

BlueTec Vest søker solcellemontør og bas elektriker

Arbeidsgiver
BlueTec Vest AS
Stillingstittel
Solcellemontør
Frist
10.03.2023
Ansettelsesform
Fast

Vil du jobbe i ei kjekk og framtidsretta bedrift?

Me har mange spennande prosjekt på gong, og treng deg som trives med å jobbe ute i frisk luft saman med gode kollegaar.

Kontorlokala våre ligg i Årdal, men mykje av arbeidet som solcellemontør foregår ute på ulike prosjekt i Sogn, Valdres eller til tider Sunnfjord, Nordfjord eller Voss. Du vil jobbe i team saman med andre montørar og elektrikarar, og bør vere komfortabel med å jobbe i høgder.


Arbeidsoppgåver som solcellemontør:

  • Montering og demontering av stillas
  • Montering av festemateriell og solcellepanel
  • Bistå elektrikar med kopling av solcellene
  • Kommunikasjon med kunde ute på arbeidsstaden


Arbeidsoppgåver som solcellemontør/bas elektriker:

  • Montering og demontering av stillas
  • Montering av festemateriell og solcellepanel
  • Legge opp kablar til solcelleanlegget og kople inverter
  • Koordinere jobben saman med våre samarbeidsbedrifter innan elektro


Ynskja kvalifikasjonar:

  • Erfaring frå elektro, bygg eller mekanisk arbeid
  • Førarkort klasse B (BE er ein fordel)
  • Flytande norsk eller engelsk

 

Personlege eigenskapar :

  • God fysisk form
  • God samarbeidsevne
  • Ansvarsfull og systematisk


Me har eit høgt fokus på helse, miljø og sikkerheit, og forventar det same av deg!

 

Me kan tilby:

  • Fast stilling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Servicebil (team)
  • Opplæring/kurs
  • Ryddig arbeidsforhold og godt arbeidsmiljø

 

Ta gjerne kontakt med oss på telefon eller e-post ved spørsmål om stillinga.

Om arbeidsgiveren

BlueTec Vest vart etablert i 2020, og me har over kort tid opparbeidd oss god kunnskap og erfaring innan solenergi. Me har kontor og lager på Årdal Næringssenter, og har eit stort arbeidsområde i Vestland og Innlandet fylke.
Framtida er solenergi - bli med på ei spennande utvikling!

På vår Instagramkonto bluetecvest finn du bilete frå nokre av solcelleanlegga me har montert, medan BlueTec Vest si Facebook side viser siste nytt frå bedrifta og saker som opptek oss.
Du kan også lese meir på våre heimesider: www.bluetecvest.no

Nettverk
Facebook
Sektor
Privat
Antall stillinger
2
Sted
Tangevegen 7, 6885 Årdalstangen
Bransje
Bygg og anlegg,
Håndverkstjenester,
Kraft og energi
Stillingsfunksjon
Håndverker / Stillasmontør,
Håndverker / Blikkenslager/tak,
Håndverker / Elektriker
Arbeidsspråk
Norsk
Video

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Røyrvik Eldegard
Stillingstittel
Dagleg leiar
Telefon
96 04 11 56
Følg firma
11 følger dette firmaet

Tangevegen 7, 6885 Årdalstangen

Annonseinformasjon

FINN-kode 234231842
Sist endret 10. apr. 2023 09:40

Rapporter annonse