Utløpt

Prosjektleiar

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune
Stillingstittel
Prosjektleiar
Frist
10.10.2021
Ansettelsesform
Fast

 

100% FAST STILLING SOM PROSJEKTLEIAR.

Du vert del av laget på tenesteområdet Prosjekt og Utvikling, eit sterkt lag som har ansvar for investeringsprosjekta i Ullensvang kommune. Det er stor aktivitet på både store og små investeringsprosjekt i åra som kjem innan nybygg, renovering av kommunale bygg, veg og park-anlegg, ras- og flaumsikring og ikkje minst VA/vatn- og avlaupsanlegg. 

Hovudarbeidsoppgåva vil vere å ha ansvar for, og gjennomføre investeringsprosjekt.

 

Me ser etter deg som:

  • har erfaring og god kompetanse innan prosjektleiing
  • er løysingsfokusert og ser etter moglegheiter
  • er engasjert, fleksibel og likar utfordringar
  • er strukturert og resultatorientert
  • er målretta og har evne til å jobbe sjølvstendig 
  • er framoverlent og likar god framdrift 
  • har gode samarbeidsevner og likar lagarbeid 
  • viser stoltheit for arbeidsplassen og er ein god omdøme-byggjar
  • trivast med å jobbe tverrfagleg 
  • er glad i deling av kunnskap og involvering
  • har positiv haldning og godt humør
  • er ein god bidragsytar til eit inkluderande og godt arbeidsmiljø.

 

Kvalifikasjonar:

  • Høgare utdanning innan ingeniørfag eller annan teknisk kompetanse.
  • Erfaring frå prosjektleiing innan byggfag, VA eller vegprosjekt. I denne utlysinga legg me spesielt vekt på VA-kompetanse. 
  • Erfaring frå kommunal sektor er fordel men ikkje eit krav.
  • Kunnskap og erfaring innan klima, energi og miljø er ynskjeleg.
  • Struktur og budsjett-disiplin i prosjektgjennomføring.
  • Gode datakunnskapar og evne til å setje deg inn i og bruke ulike program og system.
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Vårt skriftspråk er nynorsk.
  • Førarkort klasse B, og du må disponere eigen bil i teneste.

 

Me tilbyr:

  • Unik moglegheit å vere med å utvikle nye Ullensvang kommune.
  • Variert stilling med mange oppgåver og stort ansvar.
  • Utvikling av eigen kompetanse.
  • Eit sterkt lag og godt fagmiljø.
  • Eit godt og positivt arbeidsmiljø.
  • Arbeidsplass i Odda eller Kinsarvik. 
  • Løn etter avtale.
  • Fleksibel arbeidstid og fleksibilitet i bruk av heimekontor.
  • Gode offentlege tariffesta pensjons- og forsikringsordningar.

 

Stillinga er ledig frå 01.11.2021  eller etter avtale.  

 


Om arbeidsgiveren

Ullensvang kommune

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger.

Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Me kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 11 100 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder med arbeidsplassar både i Kinsarvik og Jondal.



Oppdraget vårt er å levera gode tenester, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser me dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget.



Vil du vera med å utvikle Ullensvang Kommune?

Me treng dyktig, løysingsfokusert og positiv prosjektleiar på laget vårt i Prosjekt og Utvikling - tenesteområde under sektoren Teknikk og Miljø. Ein spennande jobb i eit godt fagmiljø, på ein arbeidsplass det er lett å trivast.

Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Ingeniør

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Marit Ystanes
Stillingstittel
Verksemdsleiar
Mobil
92 68 28 15
Følg firma
74 følger dette firmaet

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Annonseinformasjon

FINN-kode 233006640
Sist endret 5. nov. 2021 13:12

Rapporter annonse