Utløpt

Lærar

Arbeidsgiver
Time kommune
Stillingstittel
Pedagog
Frist
17.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Time Kommune

Lye ungdomsskule søkjer lærarar som vil vera med på ein spanande og variert arbeidskvardag. Fokuset i alt me gjer er at våre elevar skal oppleva trivsel, meistring og læring.

Stillingen er 100% fast med oppstart snarast.

Arbeidsoppgåver

Det vert arbeidd aktivt med ny læreplan som trådde i kraft hausten 2020, og i dette samarbeider me som del av Jærskulen i partnarskap med ressurspersonar ved Universitetet i Stavanger. Hjå oss vil du vera del av eit kollegialt felleskap som har eit profesjonsfagleg fokus på læring og utvikling.

I Time arbeider me med å auka den profesjonsfagleg digitale kompetansen. Me har lærebrett 1:1 (iPad) som verktøy i læringsarbeidet på alle trinn på skulane våre. Med oss vil du få vera med å utvikla morgondagens skule. Vår ambisjon er at alle våre lærarar skal kunna realisera mål i læreplanen der teknologien er eit verktøy.

Livsmeistring er viktig for å læra. Me er opptekne av å sikra elevane eit godt læringsmiljø der den enkelte elev blir teken på alvor og sett kvar dag. Dette er ei stor oppgåve som fleire må stå saman om. Lye ungdomsskule deltek i eit prosjekt som har tittelen Laget rundt læraren og eleven . Her er fokus å jobba førebyggjande. Viktige tiltak er å auka kompetansen til lærarane, auka ressurs av helsesjukepleiar på skulane, og at PPT er til stades på faste tidspunkt kvar veke. Saman med ressurspersonar på skulane skal ein finna og testa tiltak som kjem alle elevane til gode.  Skulen deltek og i det nasjonale prosjektet Inkluderende barnehage- og skolemiljø som har fokus på fagleg og sosial inkludering.

Skulane i Hå, Gjesdal, Klepp og Time er del av Jærskulen som er eit framtidsretta skulesamarbeid der me jobbar saman for å utvikla den beste skulen for alle elevane og lærarane våre. Me har eit forpliktande samarbeid mellom kommunane på leiarnivå, fordi oppdraget vårt med å utdanna og danna unge menneske som tek vare på kvarandre og demokratiet vårt i framtida, er så viktig at me må gjera det i lag.

Kvalifikasjonar

Faglege behov er lærarar med godkjent utdanning i kroppsøving, kunst og håndverk, KRLE, PFDK. Gjerne i kombinasjon med norsk, matematikk eller engelsk.

Personlege eigenskapar

Me søkjer etter deg som kan vera aktiv deltakar i utviklingsarbeid som blir initiert av leiing og tilsette. Me er ute etter lærarar som har god relasjonskompetanse, gode samarbeidsevner og er dyktige klasseleiarar.

Me tilbyr

Ein spennande og utfordrande jobb i eit godt og inkluderande miljø. Lye ungdomsskule har 21 tilsette, og 124 elevar med to klassar på kvart trinn. Skulen stod ferdig i 1996, og har alt på eitt plan. Me har sambruk med Lye skule ift idrettshall og andre spesialrom. Skulen ligg flott til i Lyebygda rett ved idrettsanlegget.

Om arbeidsgiveren

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune.

Me bruker innovasjon for å utvikla og forbetra tenestene i lag med brukarane. Time kommune skal vera ein trygg og framtidsretta kommune for innbyggarar, besøkande og næringsliv. Time kommune har ca. 18 900 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og haldeplass for Jærbanen.


Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor
Offentlig
Sted
Kvartsvegen 5A, 4340 Bryne
Bransje
Barn, skole og undervisning
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer,
Undervisning og pedagogikk / Andre pedagoger,
Undervisning og pedagogikk / Lærer/Lektor

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Ingeborg Sagen Milner
Stillingstittel
Rektor
Telefon
51 77 83 71
Følg firma
605 følger dette firmaet

Kvartsvegen 5A, 4340 Bryne

Annonseinformasjon

FINN-kode 232988651
Sist endret 24. sep. 2021 10:54

Rapporter annonse