Utløpt

Vi søker deg som kan visualisere og forenkle komplekse saker på nett!

Arbeidsgiver
Klima- og miljødepartementet
Stillingstittel
Kommunikasjonsrådgjevar - nettredaktør
Frist
10.10.2021
Ansettelsesform
Vikariat
Bli kjent med KLIMA- OG MILJØDEPARTEMENTET
Kva gjer vi?

Kommunikasjonseininga har ansvar for kommunikasjon i heile departementet. Dei seks medarbeidarane tek hand om førespurnader frå pressa til politisk leiing og departementet, skriv utkast til talar og innlegg, har tett kontakt med pressa, er aktiv på sosiale medium og nett, og gir informasjonsfaglege råd til fagavdelingane og politisk leiing.

Det er ledig ei mellombels stilling fram til 31. juli 2022, med moglegheit for forlenging. Det er ønskeleg med snarlig oppstart.


Dine arbeidsoppgåver vil vere: 
  • ansvar for å halde oversikt, foreslå, planlegge og koordinere mediesaker på eit breitt saksfelt.
  • bidra slik at departementet sitt arbeid og satsingsområde blir kjende gjennom media med særleg vekt på sosiale medium.
  • hjelpe politisk leiing og øvrige fagavdelingar med å svare på førespurnader frå media.
  • Innhaldsproduksjon, redigering og publisering på nett, eksternt og internt, i tett samarbeid med fagavdelingane.
  • Produksjon, redigering og handtering av foto og video.
  • Vere med i pressevaktordning med presseklipp og medieførespurnader.
  • Vedlikehald av samhandlingsplattform på SharePoint.
  • Planlegge og følgje statsråden på reiser og arrangement.
  • Delta i gjennomføring av andre oppgåver innanfor kommunikasjonsseksjonen.

Vi søker deg som har følgande bakgrunn: 
  • Minst tre år med høgare utdanning innan journalistikk, kommunikasjon og/eller samfunnsfagleg retning.  Lang og spesielt relevant erfaring kan vege opp for manglande utdanning.
  • Solid kunnskap og erfaring med publisering og innhaldsproduksjon på nett og sosiale medium vektleggast særleg.
  • Foto- og videokompetanse.
  • Brei forståing av og, interesse for, samfunn,  politikk og medium.
  • God kjennskap til tradisjonelle og sosiale medium.
  • Svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • God teknisk forståing og gjerne kjennskap til Premiere Pro, Photshop, Lightrooom, SharePoint og EpiServer.

Vidare er det ønskeleg at du har:

  • Minimum to års erfaring som kommunikasjonsrådgjevar eller journalist.
  • Praksis frå ein kommunikasjonseining.
  • God erfaring med å formidle historier digitalt.
  • Kjennskap til, og interesse for, områda Klima- og miljødepartementets har ansvar for.
  • Forståing for statleg forvalting og styring, departementserfaring teller positivt.

Du må vere eller kunne bli tryggingsklarert for strengt hemmeleg.


For å lukkast har du desse eigenskapane:
  • Er fleksibel, handterer uføreseielege hendingar og leverer under tidspress.
  • Har god forståing for rolla som embetsverk for politisk leiing.
  • Kan sette deg raskt inn i nye problemstillingar i ein travel kvardag.
  • Er ryddig og systematisk.

Kvifor skal du jobbe hos oss:
  • Du får ein unik moglegheit til å bidra med faglege råd for politisk leiing. 
  • Vi har eit arbeidsfellesskap med dyktige og engasjerte kollegaer som er stolte av jobben sin.
  • Klima- og miljødepartementet gir gode utviklingsmoglegheiter.
  • Hos oss tek vi omsyn til behova til kvar einskild medarbeidar i ulike livsfasar.
  • Våre lokale ligg sentralt i Oslo med kort veg til offentleg transport, og vi har gode tilretteleggingsmoglegheiter.

Vi har normalt eit breitt tilbod av sosiale, kulturelle og sportslege aktivitetar, inkludert 1½ time trening i arbeidstida. Vi har fleksible arbeidstidsordningar tilpassa ulike livsfasar, og pensjons- og forsikringsordning i Statens pensjonskasse.


Vi er opptekne av:

Vi vil rekruttere den best kvalifiserte kandidaten til stillinga og treng difor eit breitt rekrutteringsgrunnlag. I Klima- og miljødepartementet har vi eit personalpolitisk mål om å være en arbeidsgjevar som speglar mangfaldet i samfunnet og som tar i bruk potensialet i befolkninga sin samla kompetanse. Det tyder at vi ønsker velkommen søkarar med ulik arbeids- og livserfaring som av ulike årsaker ikkje kan dokumentere ein samanhengande yrkeskarriere.


Lønn:

Lønnsspennet for førstekonsulent/rådgjevar er: kr 461 300 - 583 500 (lønnstrinn 50 - 64).

Lønnsspennet for seniorrådgjevar er: kr 594 300 - 702 100 (lønnstrinn 65 - 74). For særlig godt kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.

Avhengig av dine kvalifikasjonar og år med relevant arbeidserfaring vil du bli tilsett som rådgjevar eller seniorrådgjevar jf. departementets personal- og lønnspolitikk. Som hovedregel blir det kravd minimum to års relevant erfaring for å bli rådgjevar, og fem år for å bli seniorrådgjevar.


Generell informasjon:
  • Vi ber om at du lastar opp vitnemål/karakterutskrift (som kan hentast direkte frå Vitnemålsportalen) og relevante attestar.
  • Utenlandske vitnemål må være NOKUT godkjende. Stafestinga må leggast ved.
  • Dine personopplysningar vil bli oppbevarte i samsvar med GDPR.
  • Vi gjer merksam på at opplysningar om søkar kan bli offentliggjort sjølv om søkar har bede om å være unnateken søkarlista. Søkar  blir underretta om dette på førehand.

For nærare opplysingar om stillinga kontakt:

Kommunikasjonssjef Jo Randen; tlf. 911 69 463 eller seniorrådgjevar Snorre Tønset; tlf. 918 81 856


Om arbeidsgiveren

Klima- og miljødepartementet har hovudansvaret for å ivareta heilskapen i regjeringa sin klima- og miljøpolitikk. Departementet er etatsstyrar for Artsdatabanken, Enova, Meteorologisk institutt, Miljødirektoratet, Norsk kulturminnefond, Norsk polarinstitutt Riksantikvaren og Svalbards miljøvernfond, og har om lag 240 tilsette.

Sektor
Offentlig
Sted
Kongens gate 18-20, 0153 Oslo
Bransje
Offentlig administrasjon
Stillingsfunksjon
Journalist,
PR og informasjon
Følg firma
1193 følger dette firmaet

Kongens gate 18-20, 0153 Oslo

Annonseinformasjon

FINN-kode 232872697
Sist endret 23. sep. 2021 08:48

Rapporter annonse