Utløpt

Overlegar innan indremedisin, hjarte- og lungesjukdomar

Arbeidsgiver
Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Overlegar innan indremedisin, hjarte- og lungesjukdomar
Frist
17.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Helse Møre Og Romsdal Hf

Vil DU bli med på laget vårt?

Medisinsk avdeling ved Kristiansund sjukehus styrkjer legestaben, og har ledige stillingar for overlegar/ spesialistar innan indremedisin, hjarte- og lungesjukdomar.

Avdelinga er eit aktivt og velfungerande kollegium av spesialistar og legar i spesialisering (LIS). Legane har ansvar for pasientar innan alle dei medisinske fagområda på vakt, og har poliklinisk verksemd innan i hjarte, lunge, fordøyelse, medisinsk kreftbehandling og hematologi, geriatri/ hjerneslag, nyresjukdomar og diabetes. Avdelinga har òg ansvar for overvakingsenger på felles intensivavdeling, samt mottak og vurdering av pasientar i akuttmottak.

Det er 13 overlegar knytta til avdelinga og ein robust 11-delt bakvakt. Nytilsette vil kome i tillegg til dette. Avdelinga har i dag  9 LIS 2/3 og 9 LIS1.  Vi opplever aukande poliklinisk aktivitet, aukande antall innleggingar og stadig fleire multisjuke pasientar som trenger omfattande utgreiing og behandling. Derfor ønskjer vi å styrkje spesialistbemanninga innan hjarte- og lungesjukdomar, samt at vi opner for å tilsetje ein generell indremedisinar som vil kunne få eit særskilt ansvar for intensivpasientar. Vi tek gjerne imot søknadar frå legar på slutten av spesialistutdanninga.

Visste du dette om Kristiansund?

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her

Arbeidsoppgåver

  • Visitt sengepost
  • Visitt intensiv
  • Poliklinikk
  • Vakt (heimevakt)
  • Internundervisning
  • Rettleiing av LIS

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege
  • Relevant spesialistutdanning 
  • Ha erfaring frå sengepost og poliklinisk arbeid, og må kunne delta i vaktordninga
  • Må kunne vere rettleiar for legar i spesialisering (LIS)
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring og interesse for aktuelle fagområde

Personlege eigenskapar

  • Du trivast med tverrfagleg arbeid
  • Du har gode samarbeidsevner og er ydmyk og reflektert i samarbeid med andre
  • Du arbeider sjølvstendig og klarer å ta eigne avgjerder
  • Du må kunne kommunisere godt på både norsk munnleg og skriftleg

Personleg eignaheit vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.     

Om arbeidsgiveren




Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal gir spesialisthelsetenester
til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein
skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal
få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og
utdanning, men har også sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR.
Våre sjukehus finn du i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund, og i tillegg har
vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og
rusbehandling. Vi legg til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av
openheit og respekt. Uansett kva stilling du søkjer, så skal vi bidra til at du
får utvikle deg og di kompetanse på ein stad kor det verkeleg tel. Bli med på
laget!


For
meir informasjon om helseforetaket, sjå Helse Møre og Romsdal 


 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / LIS,
Lege / Overlege,
Lege / Indremedisin

Nøkkelord

indremedisin,, hjertesykdommer,, kardiologi,, lungesykdommer,, overlege

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Åge Austheim
Stillingstittel
Seksjonsleiar
Følg firma
209 følger dette firmaet

Herman Døhlens vei, 6508 Kristiansund N

Annonseinformasjon

FINN-kode 232788081
Sist endret 22. sep. 2021 12:24

Rapporter annonse