Utløpt

Fastlege

Arbeidsgiver
Austrheim kommune
Stillingstittel
Fastlege
Frist
13.10.2021
Ansettelsesform
Fast

Austrheim kommune har ei ubesett liste med listetak på 800-900 pasientar. Oppstart etter nærare avtale. Vi utvidar dermed legestaben frå 2 til 3 fastlegar.

 

Søkjar kan sjølv velje mellom fastlønn stilling (fast tilsetjing) eller sjølvstendig næringsdrivande. Austrheim kommune legg til rette for spesialistutdanning innan allmennmedisin.

Det er ingen investeringskostnad eller listekjøp knytt til stillinga og kommunen stiller fritt med lokale og utstyr dersom ein vel å vera sjølvstendig næringsdrivande.

 

Opplysninger avdeling

Stillinga er knytt til Austrheim legekontor som i dag har 3 fastlegeheimlar og tilknytt 2 LIS-1-legar.

Austrheim Legekontor har velutstyrte lokale, det er knytt erfarne sjukepleiarar og helsesekretær til kontoret.

Legekontoret nyttar Infodoc journalsystem.

I Helseavdelinga er det også psykiatrisk sjukepleiar, psykolog, helsesjukepleiarar, jordmor og kommunal og privatpraktiserande fysioterapeutar og ergoterapeut.

Som kommunelege i Austrheim vert du ein del av legevaktsamarbeidet som er organisert gjennom Nordhordland legevakt i Knarvik. Her vil du gå inn i ein legevaktsturnus. 

 

Vi planlegg felles personalmøte kvar fredag kl. 08.30-09.00 og vi har fagleg internundervisning 2 gonger per månad.

Internundervisninga blir innmeldt som deltaking i smågruppe. Legar som startar utdanningsløp innan spesialisering i allmennmedisin vil få tildelt rettleiar med vekentleg rettleiing (øvrige kollegaer stiller opp som supervisorar) og det vil bli sett av tid til kurs med inntil 15 kursdagar per år. Kursavgift blir dekt av kommunen, kostnadar som gjeld reise og opphald utover det som vert dekt av Legeforeninga Fond 2, vert dekt av kommunen.

 

Arbeidsoppgåver

- ansvar for eiga pasientliste (per tida omlag 800- 900 pasientar) og gjensidig fråværsdekning

- felles ansvar for legevakt på dagtid

- deltakarplikt i legevakt/ansvar for legevaktturnus

 

Offentlege helseoppgåver som kan vere:

- helsestasjonslege

- rettleiing av LIS-1-legar

- andre oppgåver

 

Stillinga kan tilknyttast kommunale oppgåver. Dei fleiste legane har 3-3,5 kurative dagar per veke med eigen dag sett av

til praksisadministrativt arbeid. .

 

Personlege eigenskaper

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig lege med gode personlege eigenskapar som høver for praktisering av god legeteneste.

Du må også ha:

- godkjent norsk autorisasjon som lege

- ein forutset at legen er spes. i alm.med. eller vil gjennomføre spesialiseringa.

- ha refusjonsrett frå Helfo

- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner

- du er positiv og bidreg til eit godt arbeidsmiljø

- godkjent politiattest

- førarkort kl. B

 

Informasjon om stillinga

For nærare opplysningar, ta kontakt med kommunalsjef Monika Kvamme på tlf. 918 65 391 eller kommunedirektør

Bjørnar Fjellhaug på tlf. 414 33 375.

Sektor
Offentlig
Sted
5943 Austrheim
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Lege / Allmennmedisin

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Monika Kvamme
Stillingstittel
Kommunalsjef
Mobil
91 86 53 91
Kontaktperson
Bjørnar Fjellhaug
Stillingstittel
Kommunedirektør
Følg firma
16 følger dette firmaet

5943 Austrheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 232777810
Sist endret 3. nov. 2021 10:32

Rapporter annonse