Utløpt

Er du ein sjukepleiar/vernepleiar som er klar for nye utfordringar? Vi startar opp ny avrusingseining i Bjørgvin fengsel, og vil ha deg med på laget.

Arbeidsgiver
Helse Bergen
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar til ny avrusingseining i Bjørgvin fengsel
Frist
13.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med Haukeland universitetssjukehus

Avdeling for rusmedisin (AFR) har ca 570 medarbeidarar. Avdelinga består av ein stor LAR- seksjon, to poliklinikkar, ein ambulant seksjon og fleire døgnseksjonar, for både akutt- og planlagd behandling. Avdelinga er i ein spennande utvikling, både med samanslåing av døgnseksjonar, fagleg integrasjon med psykisk helsevern og ny oppstarta tilbod med Heroinassistert behandling i LAR (HAB) og Avrusing i fengselet.

Avdeling for rusmedisin skal i samarbeid med Kriminalomsorgen og Bjørgvin fengsel starte opp ei avrusingseining i heilt nye bygg, lokalisert i Bjørgvin fengsel. Avdelinga skal bemannast med sjukepleiarar og vernepleiarar som blir tilsett i AFR og som skal jobbe tett saman med fengselsbetjenter frå Bjørgvin fengsel. Avdelinga vil vere bemanna alle dagar på dag- og kveldstid og ha plass til totalt 6 pasientar. Avdelinga har planlagd oppstart rundt årsskiftet og det vil bli arbeid kvar tredje helg. 

Vi har ledig 6 * 100 % faste stillingar. For å oppretthalde eit godt fagleg miljø, vil stillingane fordelast med arbeid i Bjørgvin fengsel og på Seksjon Skuteviken. Fordeling av arbeidstid på dei ulike stadene, vil bli fordelt når heile personalgruppa er tilsett.

Vi søker etter engasjerte medarbeidarar som ønsker å vere med å starte opp ein pilot i norske fengsel. Vi ønsker medarbeidarar som er løysingsorienterte og motiverte for å etablere og utvikle ei ny eining.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar/vernepleiar på avdelinga vil du ha det medisinske ansvaret for pasientane under avrusingsopphaldet. Du vil inngå i eit tverrfagleg team og følge pasientane tett under innlegging. Oppgåvene vil vere varierte og innehalde både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver.

Ein arbeidskvardag kan bestå av alt frå mottak av nye pasientar, tillaging av medisinar, støttesamtalar, ulike kartleggingar og aktivitetar med pasientane. I tillegg vil eininga bistå resten av fengselet med LAR- utdeling

Kvalifikasjonar

  • Sjukepleiar eller vernepleiar med norsk autorisasjon
  • Personleg egnethet for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Relevant vidareutdanning vil telje positivt
  • Erfaring frå sjukepleiefagleg/vernepleiefagleg arbeid innan somatikk, rus og/eller psykisk helsevern er ein fordel
  • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har engasjement for fagfeltet og pasientgruppa
  • Du bidrar positivt til eit fagleg og godt arbeidsmiljø
  • Du har engasjement for å etablere og utvikle ei ny eining
  • Fleksibel, tåler uforutsigbarhet og evner å prioritere i stressande situasjonar
  • Du har god evne til tverrfagleg samhandling, samt evne til sjølvstendig arbeid
  • Du har gode kommunikasjonsferdigheiter og evner å skape relasjonar til pasientar på kort tid
  • Har evne til å ta ansvar, arbeide sjølvstendig og ta avgjerder, også i krevande situasjonar 

Vi tilbyr

  • Fagleg utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
  • Moglegheit for å vere med å etablere og utvikle noko heilt nytt i norske fengsel
  • Regelmessig internundervisning
  • Inkluderande arbeidsmiljø
  • Årsturnus/kalenderplan
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gratis parkering
  • Arbeidsstad i eit helt nytt og moderne lokale

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Om arbeidsgiveren

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 13.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.

Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
6
Sted
Nye sandviksvei 84, 5032 Bergen
Bransje
Helse og omsorg
Stillingsfunksjon
Sykepleier / Psykiatri,
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut

Nøkkelord

Sykepleie,, vernepleie,, AFR,, Fengsel

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Anette Fanebust Dregi
Stillingstittel
Leiar
Telefon
45 41 36 46
Følg firma
2234 følger dette firmaet

Nye sandviksvei 84, 5032 Bergen

Annonseinformasjon

FINN-kode 232770937
Sist endret 22. sep. 2021 09:45

Rapporter annonse