Utløpt

Er du NRK P3 sin nye programleiarprofil?

Arbeidsgiver
NRK
Stillingstittel
Er du NRK P3s nye programlederprofil?
Frist
17.10.2021
Ansettelsesform
Fast
Bli kjent med NRK - Norsk Rikskringkasting AS

Er du P3 si nye stemme og ansikt? 

Vi har ein ledig fast stilling i P3 si avdeling i Trondheim.
Vi ser etter deg som veit kva unge folk er opptekne av, som brenn for å formidle og som ikkje er redd for å vere seg sjølv, enten det er på radio, tv, sosiale medium, på scenen eller i møte med andre menneske.

Programleiarar i P3 skal vere personlege og kjennast truverdige. Dei skal utfordre og underhalde publikum, og vere nokon som folk vil følge og bry seg om. P3 sine programleiarar skal møte våre lyttarar og sjåarar med hjarte og engasjement.

Fast ansatte i P3 skal kunne jobbe med forskjellige prosjekt, i ulike funksjonar, på tvers av redaksjonar. Vi er derfor på jakt etter deg som trivst med å jobbe variert, og som synest det er stas med nye arbeidsoppgåver og utfordringar.

Arbeidsoppgåver

Du vil vere programleiar i P3 sine radioprogram, førebu sending med innhald, gjestar og relevant innhald, fronte P3 i sosiale medium, kanskje også vere med på å utvikle og fronte podkastar, some-stoff og tv-seriar? Store moglegheiter! Du vil ha kreativ innverknad på det vi lagar -  og vere både synleg og høyrbar i våre kanalar omtrent frå dag éin.

Kvalifikasjonar

  • Du har erfaring med å opptre/programleiing innanfor dans, song, film, stand-up, teater, radio, podkast eller tv.
  • Du har god kjennskap til tematikk unge menneske i Norge opptekne av i dag.
  • Du er ein målgruppa kan identifisere seg med.
  • Stor interesse av å produsere innhald med elegant utføring. 
  • Du kjenner godt til ulike relevante teknologiske verktøy, og prøver heile tida ut nye.

Personlege eigenskapar

  • Du har stort pågangsmot og er fleksibel.
  • Du elskar å høyre på og vidareformidle musikk.
  • Er språkleg sterk, kreativ og ikkje redd for å prøve nye ting.
  • Du har utstråling og kommuniserer godt.
  • Du har eit personleg og engasjert forhold til tematikkar som målgruppa vår mellom 15 og 29 år bryr seg om.
  • Det er ein fordel om du kan sjølvkøyr i radio og/eller har erfaring som radio-DJ, men dette er ikkje avgjerande.
  • Du er mottakeleg for tilbakemeldingar både frå publikum og kollegaer.
  • Du tør å utfordre deg sjølv og dine kollegaer på korleis vi skal fange unge folk med gode historiar og det beste innhaldet. 

Vi tilbyr

  • 1 fast stilling med ønska oppstart 01.12.21.
  • Du vil bli ein del av eit kreativt, inkluderande og engasjert miljø i P3 si avdeling i Trondheim!
  • Løn etter avtale og i hht NRK sin lønspraksis.

Om arbeidsgiveren


NRK skal styrke demokratiet og samle og engasjere alle som bur i Noreg. Dei grunnleggande verdiane våre er å vere opne, modige og truverdige. For at vi skal lykkast med det omfattande oppdraget vi har fått som allmennkringkastar, treng vi medarbeidarar med forskjellig erfaring og bakgrunn.




Vil du jobbe saman med oss for å skape godt og viktig innhald som treffer alle som bur i landet vårt?


NRK er omfatta av Offentleglova sine paragrafar om rett til innsyn i søkjarlister. Søkjar må grunngje eventuelt ønske om unntak. Dersom unntak ikkje blir akseptert, vil søkjar bli varsla og kan eventuelt trekkje søknaden.

Sektor
Offentlig
Sted
Otto Nielsens veg 2, 7052 Trondheim
Bransje
Medie- og innholdsproduksjon
Stillingsfunksjon
Journalist

Nøkkelord

Programleder,, P3,, Trondheim,, Journalistikk

Spørsmål om stillingen

Kontaktperson
Christer Johan Pettersen-Dahl
Stillingstittel
Redaksjonsleder, P3
Følg firma
4720 følger dette firmaet

Otto Nielsens veg 2, 7052 Trondheim

Annonseinformasjon

FINN-kode 232671700
Sist endret 5. okt. 2021 09:05

Rapporter annonse